annonse

Ei fjør i hatten for Fitjar kommune

NYE PLANAR
NYE PLANAR: Det er ei fjør i hatten for Fitjar å få endå meir industri, skriv Sunnhordland på leiarplass. Her eit bilete av Årskog frå 2010. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Oppdrettsselskapet Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS, med adresse Austevoll, ønskjer å byggja eit gedigent lakseoppdrett på land på Årskog industriområde på Fitjar. Dersom selskapet får det som dei vil, er det snakk om ei trinnvis investering på mellom 600 og 800 millionar kroner dei neste åra. Målet er å produsera ti millionar laks i året på eit 35 mål stort område, der det skal byggjast fem hallar, med mellom tre og ti kar i kvar. Desse kara rommar til saman over 30 millionar liter vatn.

Landbaserte anlegg, der heile produksjonen fram til slakteklar fisk skjer på land, er det store nye i bransjen etter at regjeringa i fjor sommar endra reglane slik at løyve til slike anlegg blir tildelt løpande utan vederlag. Anlegget på Fitjar er førebels det einaste i Hordaland det er søkt løyve om. I tillegg ligg det inne tilsvarande søknader i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Telemark.

Planane er sjølvsagt svært godt nytt for Fitjar. På sikt kan det bli 35 arbeidsplassar, men også i utbyggingsperioden må ein gå ut frå at det vil drypa millionar både lokalt og regionalt til underleverandørar, slik det har gjort i andre større utbyggingar i Fitjar, som til dømes vindparken. Dette er ikkje den einaste store investeringa innan akvakultur i landbrukskommunen: I desse dagar investerer Lerøy Sjøtroll heile 650 millionar kroner i eit smoltanlegg i Kjærelva, det som tidlegare heitte Fitjar Laks.

Lerøy Sjøtroll valde Fitjar på grunn av areal, grunneigar, vasskvalitet og at Fitjar er ein god kommune å driva næringsverksemd i. Det er vel grunn til å tru at Kobbevik og Furuholmen har litt av same synet når dei satsar på Årskog, og dette er ei stor fjør i hatten for Fitjar kommune.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut