annonse

Ein kunnskapsrik og moderne høgskule

Viktige brikker
Viktige brikker: Desse elevane har bidrege i den heilt nye appen, Lærar for ein dag . Her ser Thea Marie Bjelland (midten) seg sjølv på ein av filmsnuttane i appen, for første gong. Emil Valvatne (t.v.), Maren Arefjord (skjult bak Emil), Malene Kleiberg (bakerst), Thea Marie Bjelland og Jane Sørheim. (Foto: Anita Haugland)
Viktige brikker
Viktige brikker: Desse elevane har bidrege i den heilt nye appen, Lærar for ein dag . Her ser Thea Marie Bjelland (midten) seg sjølv på ein av filmsnuttane i appen, for første gong. Emil Valvatne (t.v.), Maren Arefjord (skjult bak Emil), Malene Kleiberg (bakerst), Thea Marie Bjelland og Jane Sørheim. (Foto: Anita Haugland)

I tolv dagar, over heile landet, skjer det i desse dagar: Du blir invitert til å møta forskarar. Du finn dei mellom anna på bussar, torg, scener og kaféar, der dei fortel om forskinga si. Du kan møte dei til middag, gjera eksperiment eller delta i diskusjonar. Eller du kan slappe av og høyre på ein debatt og lære noko nytt.

Lokalt skjer det på først og fremst på Rommetveit. Tysdag inviterte høgskulen sjetteklassingar til såkalla forskingstorg. Forskingstorget er ein del av dei nasjonale Forskingsdagane, som har som mål å skapa begeistring for forsking. Høgskulen på Vestlandet (HVL) la opp til ein spanande, interessant og variert dag basert på aktivitetar tilpassa barn i 6. klasse. Elevane fekk møta studentar og tilsette frå fagavdelingane, og forskings- og kunnskapsbaserte organisasjonar viste fram sine prosjekt, idear eller eksperiment tilpassa målgruppa og med eit særleg fokus på årets tematikk: Verdiar.

I går var det seminar om framtidas barnehage same stad. Då var målgruppa dei vaksne – studentar, tilsette og alle som er opptekne av barnehageutvikling. I tillegg til foredrag og fagleg input, vart det presentert pågåande forskings- og utviklingsprosjekt ved HVL.

Eitt av desse prosjekta vart omtalt i avisa onsdag, og handlar om ein ny læringsapp som er utvikla av tilsette ved HVL, i samarbeid med Universitetet i Stavanger. Appen skal blant anna hjelpa lærarstudentar til å ta rette vurderingar i klasserommet. Dette viser at vår lokale høgskule er ein kunnskapsrik og moderne høgskule, som set forsking og nye idear høgt. Å møta elevane slik som dei gjer på forskingstorget er også ein god måte med tanke på rekruttering.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut