annonse

Éin politimeldt etter trafikkontroll

HADDE KONTROLL
HADDE KONTROLL: Éin person nekta å vedta ei bot etter ein kontroll på E39, og vert dermed meldt av politiet. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ILLUSTRASJON)

Onsdag hadde politiet kontroll langs E39 ved Mehammar.

Ingvild Siglen Berger

Seks sjåførar fekk forenkla førelegg for høg fart, og éin person vart politimeldt.

Høgste målte fart var 108 km/t, melder politiet på Twitter. 

– Ein person som vart målt til 89 km/t var ikkje einig med politiet, og nekta vedta eit førelegg. Dermed vart sjåføren meldt, seier operasjonsleiar Jøran Solheim hos Sørvest politidistrikt.

Kontrollen gjekk føre seg frå klokka 15 til 17.15.

Les også: Kompiskøyring kan gi bot og avskilting

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut