annonse

Einebustad i full fyr – éin person sakna

Totalskadd
Totalskadd: Det var full fyr då politi og brannvesenet kom fram til einebustaden på Malkenes på Tysnes, og ein mann i 70-åra er ikkje gjort greie for. (Foto: Camilla Korsnes, Bladet Tysnes)

Ein person er ikkje gjort greie for etter ein bustadbrann på Tysnes i natt.

Magne Kydland

Det var like etter midnatt at naudetatane fekk melding om brann i ein bustad på Malkenes på Tysnes. Det var full fyr i huset, og naudetatane rykte ut.

– Det er registrert to personar på adressa. Den eine er bekrefta vekkreist. Politiet har ikkje kontroll på den andre personen, melde Vest politidistrikt på Twitter klokka 01.17 natt til onsdag.

Ifølgje tysnesbladet.no skal brannvesenet ha fått kontroll på brannen klokka 02.20, men dreiv med ettersløkking ut over natta.

Det var aldri noko fare for spreiing til andre hus i nærleiken.

– Det var naboar som oppdaga brannen, og melde frå til naudetatane. Då var huset allereie så overtent at dei ikkje kunne ta seg inn. Huset er totalskadd. Årsaka til brannen er førebels ukjend, skriv avisa Tysnes.

Den sakna er ein mann i 70-åra.

SISTE: Mann i 70-åra omkom i husbrann på Tysnes

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut