annonse

Elev frå Fitjar påkøyrd i gangfelt

Elev skadd
Elev skadd: Ei 15 år gammal jente, som er elev ved Rimbareid barne- og ungdomsskule, ligg på sjukehus i Krakow etter at ho blei påkøyrd tysdag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv)

Ei 15 år gammal jente frå Fitjar er alvorleg skadd og ligg på sjukehus etter at ho blei påkøyrd under ein skuletur i Krakow.

Hilde Vormedal Nybø

– Jenta er skadd, men det er ikkje livstrugande. Ho ligg på sjukehus og er i dei beste hender. Me veit ikkje kor lenge ho blir liggjande der, seier Liv Marit Lønning, som er turleiar frå Rimbareid barne- og ungdomsskule.

Påkøyrd i gangfelt

Lønning var ikkje sjølv til stades då ulukka skjedde tysdag.

– Me har fått god hjelp av konsulatet og mellom anna tolk, seier Lønning.

Mr. Marian Mikolajski er honorærkonsul i Krakow.

– Ulukka skjedde i ei sterkt trafikkert gate i Krakow. Klokka var ca. 21.30 og det var mørkt. Ei gruppe norske personar, med vaksne og to born, skulle krysse gata på eit markert gangfelt. Den 15 år gamle jenta blei treft av ein bil, seier Mikolajski til Sunnhordland.

Ligg på barnesjukehus

Honorærkonsulen fortel at folk som kom til ulukkesstaden gjorde ein stor innsats før redningsmannskapa kom på plass.

– Jenta er alvorleg skadd og sendt til barnesjukehuset i Krakow, som er eit av dei beste sjukehusa i landet. Politiet undersøkjer kva som har skjedd og samlar bevis. Vitne og bilføraren er avhøyrt, seier Mikolajski, som fortel at han har fått informasjon om at tilstanden til jenta er stabil.

Foreldra til den skadde jenta var ikkje sjølv turdeltakarar, men har reist til Krakow og er no på sjukehuset saman med dottera.

65 deltakarar

Totalt 37 elevar frå 10. klasse og 28 vaksne deltek på turen.

– Korleis har elevane teke dette?

– Dei var sjølvsagt veldig sjokkerte. Men det har gått fint. Me er heldigvis mange vaksne med på turen, seier Liv Marit Lønning.

Turen for 10.-klassingane er foreldrestyrt og arrangøren er «Aktive Fredsreiser». Følgjet frå Fitjar har mellom anna besøkt Auschwitz. Reisa til utrydjingsleirane er blitt ein årleg tradisjon for avgangselevane i Fitjar-skulen.

– Me har følgt det planlagde programmet etter ønskje frå den skadde jenta. No er me på veg til Berlin der me skal vera nokre dagar før me reiser heim igjen på søndag, seier Lønning.

Møte om saka

Skulesjef i Fitjar, John Karsten Raunholm, er sjølv på ferie i utlandet. Han stadfestar at det har vore ei bilulukke i Krakow. Han fortel at det skal vera eit møte i Fitjar kommune fredag om hendinga.

– Her vil ein diskutera det som har skjedd og korleis me kan følgja dette opp, seier Raunholm.

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll fortel at ho har kontakta far til jenta.

– Me i kommunen er her for dei. Eg har tenkt mykje på jenta og dei andre elevane, og håpar at dette går bra, seier Tislevoll, som sjølv var med på tilsvarande tur som forelder for to år sidan.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut