annonse

Elevane får gratis skuleskyss

KUVENDING
KUVENDING: Elevar frå Sagvåg og Rommetveit får likevel gratis skuleskyss har Fylkesrådmannen bestemt. (Foto: Arkiv)

Elevane i Sagvåg og Rommetveit får likevel gratis skuleskyss. Dei kan også få tilbake utgiftene dei har hatt til ungdomskort.

Hilde Vormedal Nybø

Det kjem fram i ei referatsak som skal opp i Utval for Opplæring og helse i fylket i dag.

Fleire politikarar, blant dei Sigbjørn Framnes (FrP), Dan Femoen (H) og Alexander Fosse Andersen (Sp) har stilt spørsmål ved praktiseringa etter misnøye med endringa og oppslag i Sunnhordland.

Skal vera gratis

Regelverket er slik at elevane i utgangspunktet har rett på gratis skuleskyss, men departementet har gjeve dispensasjonar for bruk av ungdomskort i område der ein har eit godt busstilbod. Departementet har slege fast at ei busstilbod som må vare fram til kokka 21 i helgene. Dette har Fylkesmannen gjenteke i dispensasjonen.

Like fullt har Skyss i år utvida ordninga med ungdomskort til Sagvåg og Rommetveit trass i at her ikkje er busstilbod til kokka 21.

Reverserer Stord

I notatet frå Fylkesrådmannen kjem det fram at Skyss og fylkesrådmannen no skal avklara kva reglar som gjeld.

– Skyss vil også få gjennomført ei ekstern vurdering av kva krav som følgjer av lova og tilhøyrande forskrifter. Om det er etter avklaringar med Fylkesmannen blir naudsynt med endringar eller tilpassingar i dagen ordning må ein sjå på dette fram mot oppstart av neste skuleår. Større endringar i praksis må gjennomførast i samband med start av nytt skuleår, skriv fylkesrådmannen.

Når det gjeld områda på Stord, Sagvåg og Rommetveit og Ramsøy på Askøy så vil ordninga bli reversert umiddelbart.

– Elevar som bur i områda kor ordninga blir reversert og som har hatt utlegg til ungdomsbillett og som ønskjer skuleskyss, vil få høve til å senda inn krav til Skyss om refusjon på kostnader dei har hatt til busskort.

Les også: Skyss skuldar på skulen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut