annonse

Elevar arrangerte alternativ klimastreik

STREIKA
STREIKA: Om lag 30 elevar frå 5. til 7. klasse streika for å plukka bos langs vegen i Sagvåg. (Foto: Privat)
SKIPA TIL
SKIPA TIL: Elisabet Meyer Eide (til v.) var ein av initiativtakarane. Her saman med Amalie Olsnes. (Foto: Privat)
PLUKKA BOS
PLUKKA BOS: Elevane gjorde ein solid innsats. (Foto: Privat)

Fredag streika elevar på Sagvåg skule for klima og brukte dagen til å plukka bos.

Ingvild Siglen Berger

Om lag 30 elevar frå 5. til 7. klasse streika frå skulen for å plukka bos langs vegen i Sagvåg.

Over heile landet og verda streika elevar for klimaet og gjekk i demonstrasjonstog fredag. På Sagvåg skule valde elevane ei litt annleis løysing.

Elevane hadde eigentleg tenkt å få melding frå foreldra og reisa inn til Leirvik for å markera. Elisabet Meyer Eide tok initiativ til å heller gjera noko lokalt og handlingsretta.

Les også: – Me må visa at me meiner alvor

SKIPA TIL
SKIPA TIL: Elisabet Meyer Eide (til v.) var ein av initiativtakarane. Her saman med Amalie Olsnes. Foto: Privat

– Det var elevane sjølv som tok initiativet og ønskte å gjennomføra ei lokal markering. Eg synest det var ein veldig sympatisk måte å gjera det på, med å aktivt gå ut og gjera noko for miljøet, trass det dårlege vêret, fortel rektor Lars Bakka.

Elevane hadde sett saman streikekomité og møtte rektor før dei gjekk ut fredag. Han bestemte at dei skulle få lov til å gå ut, og er imponert over kor godt organisert dei var.

– Dei hadde på vestar og hanskar, og kom tilbake med store sekkar med bos som dei hadde plukka langs vegen.

Les også: Ber vaksne rydda opp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut