annonse

Endre Olsen fortvilar etter gitartjuveri

ENORMT VIKTIG
ENORMT VIKTIG: Her er Endre Olsen i kjent positur, med sin Gibson-gitar, under eit Kværner-arrangement i Leirvik sentrum i sommar. No er gitaren vekke, og Olsen fortvilar. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)

Musikaren er fortvila etter at favorittgitaren hans har forsvunne frå eit lagerrom på Stord vgs.

Olav Røli

Det var tysdag at den lokale musikaren oppdaga at gitaren han hadde ståande på eit lagerrom på Stord vidaregåande skule, var vekke.

Gitaren, ein Gibson Acoustic med stålstrengar, var pakka inn i ein svart gitarbag.

– Gitaren er ikkje verd mykje i kroner og øre, men er verdt enormt mykje for meg. Om nokon har sett meg spela gitar dei siste åra, så har dei sett meg spela på denne, seier Olsen, som også har lagt ut ei etterlysing på Facebook. Etterlysinga er delt mange gonger.

Olsen skildrar gitaren som ein del av signaturen i musikken sin, og at den rette gitaren er enormt viktig for ein artist som spelar mykje akustisk.

– Alt du gjer musikalsk har ein signatur. For meg har det vore ein kombinasjon av denne gitaren, røysta, fingrane og korleis ein brukar dei på gitaren. Gitaren er eit verktøy for meg og musikken min, forklarer Olsen.

Han har hatt gitaren i seks år, og fortel at han både har plekterskrammer, klistremerke, og andre kjenneteikn som gjer at det ikkje er tvil om kven sin gitar det er.

– Her må det vera nokon som har stelt noko, utan å tenkja kva dei har teke. Det einaste dei har oppnådd er at eg vert veldig lei meg, seier artisten.

No oppmodar han dei som måtte ha dårleg samvit om å levera gitaren tilbake.

– Dei kan gjerne leggja gitaren ein offentleg stad, i ein pub eller på kulturhuset. Eg spanderer gjerne ein kopp kaffi på den som har teke gitaren, seier Olsen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut