annonse

Er ved vegs ende med Djupavikjo

Samrøystes
Samrøystes: Dei som har anka på at det kan komma ferjestø i Djupavikjo, kan no pusta letta ut. (Foto: Anders Totland)

Eit samla kommunestyre gjekk inn for innstillinga frå formannskapet i saka om ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad.

Anders Totland

– Dette har vore ein lang prosess, og me er framleis ikkje ved vegs ende. Men me er til vegs ende i Djupaviko, sa Liv Kari Eskeland (H) då kommunestyret handsama saka om forprosjekt for ferjestø på Djupavikneset og avklaring av det vidare planarbeidet.

– Må finna løysing

Eskeland gav uttrykk for at ho er glad for at det no ser ut til å vera vilje til å finna ei løysing på saka, i og med at heile kommunestyret støtta opp om innstillinga frå formannskapet.

Der står det at kommunestyret vil delta i ein planprosess for framtidig ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord, der ferjestø på begge sider av fjorden blir vurdert. Det som derimot er klart med dette vedtaket, er at Stord kommune ikkje vil godta noko nytt ferjestø i Djupaviko.

– Me må finna ei løysing på denne saka. Det er avgjerande viktig å knyta kommunane i Sunnhordland godt saman, og me som regionsenter må sørgja for at kommunikasjonane er så gode som mogeleg. Me har ei plikt til å legga godt til rette for naboane, sa Eskeland.

Vil ikkje mista saka

Sigbjørn Framnes (Frp) understreka at omsynet til miljøet ikkje må gje uforholdsmessig store konsekvensar for trafikantane i Sunnhordland, medan Torbjørn Brosvik (KrF) sa seg godt nøgd med at Djupavikneset no er ute av det vidare arbeidet.

– No er det eit viktig poeng å gjennomføra dette som ein interkommunal plan, så me ikkje mister saka ut av våre hender, sa Brosvik.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.