annonse

Eskeland skal lesa seg opp

På stortinget
På stortinget: Liv Kari Eskeland (H) er no ein del av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. (Foto: Privat)
Mange sider
Mange sider: Det er ikkje gjort på 1-2-3 å lesa seg gjennom forslaget til det nye statsbudsjettet. (Foto: PRIVAT)

Liv Kari Eskeland har nok å henga fingrane i dei neste dagane.

Anita Haugland

– Så langt som eg har greidd å skumma meg gjennom, så er det fleire gode tiltak for sunnhordlandsregionen i forslaget til statsbudsjettet, seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H).

Ho har planar om å lesa seg gjennom fleire bunker med tal dei neste dagane, for å få ei viss oversikt.

– Dette statsbudsjett er bidreg til å tryggja næringslivet og arbeidsplassane. Skattane blir senka slik at bedriftene er betre rusta til å behalda folk i arbeid, og at dei kan halda seg oppdaterte med moderne produksjonsutstyr, som i neste omgang vil føra til at norske bedrifter er konkurransedyktige ute i verda, meiner Eskeland.

Også ho, som stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap), meiner at jobb til alle er oppgåve nummer éin, men dei to Stord-politikarane, som begge no er på Stortinget, trur på ulike strategiar for å komma dit. Medan Rommetveit saknar tiltakspakkar i budsjettet, for å sikra arbeidsplassar lokalt, er Eskeland av ei annan oppfatning.

– Eg meiner det er heilt rett å fjerna tiltakspakkane no. Det var ei føresetnad når pengane blei lagt fram, at dette var tidsavgrensa tiltak. No når arbeidsløysa går ned, og me opplever økonomisk vekst i samfunnet, må ein vera forsiktig med å bruka denne type pakkar. Elles kan ein risikera at kronekursen blir svekt, og at norske varer dermed blir mindre attraktive internasjonalt, meiner Eskeland.

Les også: Løyver pengar til lokale vegprosjekt

Ho seier at det er viktig for regjeringa at velferdssamfunnet er berekraftig.

Usamde

Når det gjeld sunnhordlandsregionen, så meiner Eskeland at det er positivt at det er sett av midlar til flyplassen på Stord. Rommetveit meiner derimot at dette er midlar som i teorien allereie er løyvde.

Mange sider
Mange sider: Det er ikkje gjort på 1-2-3 å lesa seg gjennom forslaget til det nye statsbudsjettet. Foto: PRIVAT

– Det er på ingen måte sjølvsagt at midlane blir sett av, eg veit ikkje korleis det hadde gått om det var ei anna regjering som styrte, er Eskeland sin kommentar til dette.

Det same gjeld planmidlane som er sett av til E39, der Magne Rommetveit etterlyser manglane pengar til oppstart av prosjektet i 2018.

– Hordfast-prosjektet ligg ikkje inne i Nasjonal transportplan (NTP) før andre periode i NTP, difor er eg veldig glad for at det er sett av midlar allereie no. Det kan vera aktuelt med oppstart før, ved hjelp av bompengefinansiering, men både Rommetveit og eg veit at det framleis er mange ting som må på plass, før ein kan få til ein oppstart av Hordfast-prosjektet. Difor er eg svært glad for at det no er sett av meir midlar til planlegging, seier Eskeland.

Gald for forskingsmidlar

I årets statsbudsjett er det forslag om å bruka meir enn ni milliardar kroner til forsking og innovasjon. Det er Eskeland, som nyleg blei ein del av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, svært glad for.

– I sunnhordlandsregionen har me bedrifter som ligg langt framme når det gjeld utvikling og bruk av ny teknologi. Det at det blir satsa på landstraumsanlegg, som lokale bedrifter har vore med å utvikla, er svært gledeleg.

Les også: Meir pengar til kommunane i statsbudsjettet

Satsar på testsenter

I ei pressemelding frå næringsminister Monica Mæland (H), står det er regjeringa foreslår å gje 100 millionar kroner til nye testsenter for næringslivet.

– Det har vore vanskeleg for små og mellomstore bedrifter å få testa ut ideane sine. Sentera vil fungera som ein slags sløydsal for næringslivet. Her kan bedrifter og forskingsmiljø testa ut ny kunnskap og teknologi. Eg håpar dette vil få fram nye industrielle suksessar, og gje norsk økonomi fleire bein å stå på, uttaler ministeren i pressemeldinga.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut