annonse

Familien håpar sakna stordabu har søkt ly

ER SETT
ER SETT: Skøyta «Fram» er observert på veg sørover og sist ved Sotrabrua. (Foto: Politiet)

Hovedredningssentralen meiner den sakna mannen i 50-åra og treskøyta «Fram» var ved Sotrabrua søndag. Familien på Stord er urolege.

Hilde Vormedal Nybø

– Me går berre og ventar på telefon frå politiet. Mitt håp er at han har gått i ly ein stad på grunn av vêret. Han er jo sjømann og kan ferdast på sjøen. Men ein veit aldri. Han kan jo ha fått eit illebefinnande eller noko, seier ein av dei nære pårørande til mannen til Sunnhordland.

Var på eit foto

Jan Lillebøe, redningsleiar ved Hovedredningssentralen, fortel at dei har fått observasjonar av mannen etter at ein tidleg onsdag ettermiddag gjekk ut og etterlyste han.

– Det blir jobba utstrakt med etterretning. Me har ein sikker observasjon av den sakna og båten i Granesundet i Askvoll i Sogn og Fjordane 2. november klokka 14. Dette veit me sikkert fordi båten og mannen tilfeldigvis er på eit fotografi, fortel Lillebøe.

I tillegg har ein fått inn to observasjonar av båten søndag 5. november. Då var båten ved Helleskjæret på Sotra, like ved Sotrabrua.

– Me reknar dette som ein truverdig observasjon fordi me har fått to likelydande observasjonar, seier Lillebøe.

I Bergen

– Vår hypotese er at båten har kome så langt som til Bergen på tysdag. No sjekkar me området mellom Bergen og Stord. Me sjekkar alle hamner og alle båtslipper i tilfelle han har fått problem med båten. Me har ingen meldingar om drivande gods eller utslepp som skal tilseia at båten har gått ned, seier Lillebøe.

Han fortel at området mellom Stord og Bergen er for stort til å driva søk, ein jobbar difor med meir etterretning.

Kjøpte båt

Stordabuen i slutten av 50-åra reiste til Kalvåg utanfor Florø for å kjøpa ei 33 fot stor treskøyte.

Onsdag melde vener av mannen ifrå til politiet fordi dei ikkje fekk kontakt med han og var urolege for at noko kan ha skjedd. Då var siste observasjonen rundt klokka 09 då han reiste frå Kalvåg.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut