annonse

Fann meir enn 10.000 ulovlege tablettar

VART STOPPA
VART STOPPA: To menn vart stoppa av politiet fredag, og i bilen dei køyrde vart det funne meir enn 10.000 tablettar. (Foto: Marius Knutsen/Illustrasjon)

Mann i 60-åra har erkjent oppbevaringa.

Ingvild Siglen Berger

Det var i kveldinga fredag at bilen vart stoppa på Stord. Det skriv Haugesunds Avis.

– Den vart stoppa på grunn av melding om vinglete køyring. Då vart det teke beslag i ei betydeleg mengd piller, seier etterforskingsleiar Trond Atle Sjøvold hos Stord lensmannskontor.

Han stadfestar at det er snakk om meir enn 10.000 tablettar, av typane Rivotril og Xanor.

Dei to mennene som var i bilen, i høvesvis 60- og 50-åra, vart arresterte og seinare sleppte laus etter avhøyr søndag.

– Dei er sleppte laus fordi det ikkje ligg føre nokon fare for bevisforspilling. Som oftast er det fordi me har ei erkjenning av straffskuld. Den eine mannen har erkjent oppbevaringa, og har teke på seg alt, seier politiadvokat Brage Lyse hos Haugesund politistasjon til Haugesunds Avis.

Ifølgje Sjøvold er det mannen i 60-åra som har erkjent tilknyting med dei ulovlege tablettane. Politiet har gjort ei ransaking på adressa til mannen.

Personen som køyrde bilen, er vidare mistenkt for ruskøyring.

– Han er meldt for dette. Me ventar svar på diverse prøvar, men er no i den avsluttande etterforskingsfasen, seier Sjøvold.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut