annonse

Fann mopedbil i sjøen

Tungt
Tungt: Arne Hella har kontroll på spakane, medan litt av fangsten finn vegen opp i ein av containerane. (Foto: )
Nøgd
Nøgd: Jarle Jæger er godt nøgd med rydjeaksjonen laurdag. (Foto: )
Sagvåg
Sagvåg: Kaien i Sagvåg var base for aksjonen. Der blei det servert lappar og kaffi til alle på land. (Foto: )
Tungt
Tungt: Arne Hella har kontroll på spakane, medan litt av fangsten finn vegen opp i ein av containerane. (Foto: )
Ryddar
Ryddar: Mange er med for å gjera havbotnen rein. (Foto: )
Med på dugnad
Med på dugnad: Frode Tverborgvik i Stord hamnestell. (Foto: )
Dykkar
Dykkar: Dykkarar frå Stord Undervannsklubb leitar fram skrotet, og stroppar det fast, før det blir heist på land. (Foto: )

Blant skrotet som blei plukka opp var syklar, dekk og ein mopedbil.

Anders Totland

I fjor haust tok dei føre seg hamnebassenget på Leirvik. Denne helga var Stord Undervannsklubb i aksjon i Sagvåg, der målet var å få opp mest mogeleg av skrotet som opp gjennom åra har hamna på botnen av sjøen, i samarbeid med hamnestellet og SIM.

LES OGSÅ: Tour de Skrot

Og det er ikkje småtteri dei finn. Utanfor ferjekaien blei det mellom anna fiska opp ein mopedbil som på eitt eller anna vis har hamna i sjøen.

Nøgd
Nøgd: Jarle Jæger er godt nøgd med rydjeaksjonen laurdag. Foto:

– Der tok me òg opp fleire syklar, ein bråte med handlekorger, bilbatteri, deler av nokre båtar og mopedar, og litt forskjellig, fortel Bjørn Eilertsen.

Då Sunnhordland kjem innom laurdag føremiddag, har dykkarane akkurat tatt ein pause i arbeidet med å fylla containerane, og nyttar høvet til å fylla magen i staden. På menyen står pølser, brus og lappar.

Med på dugnad
Med på dugnad: Frode Tverborgvik i Stord hamnestell. Foto:

Mellom telta som er sett opp i Sagvåg, er det fleire enn dei 10–12 dykkarane som er i aksjon under vasskorpa.

– Det er jo eit godt miljø i klubben, så det kjem ein del for å drikka kaffi og laga god stemning. I tillegg er det viktig at me heile tida har kontroll på tryggleiken. Då treng me nokon på land òg, seier Jarle Jæger.

Dykkar
Dykkar: Dykkarar frå Stord Undervannsklubb leitar fram skrotet, og stroppar det fast, før det blir heist på land. Foto:

Etter å ha reinska opp om lag tre tonn med skrot i Leirvik, og fylt nye containerar i Sagvåg, er Eilertsen overtydd om at dette er ein jobb som aldri vil ta slutt.

– Me får jo aldri med oss alt, seier Eilertsen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut