annonse

Fann narkotika i bil med ungdommar

FANN NARKOTIKA
FANN NARKOTIKA: Ein politipatrulje fann narkotika i ein bil dei stoppa utanfor Leirvik. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Fire ungdommar sat i bilen.

Henrik Mundal Andreassen

Natt til søndag stoppa politiet ein bil ved Leirvik sentrum. Om bord i bilen var det fire ungdommar.

– Det vart gjort beslag av hasj og andre narkotikum, og politiet har laga ei melding på forholdet, seier vaktsjef Gunnar Sande ved politistasjonen i Haugesund.

Dei som sat i bilen er lokale ungdommar, og saka skal no følgjast opp av Stord lensmannskontor.

Les også: Stordabu mista lappen i Bømlafjordtunnelen


 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut