Fann søkkt båt utanfor Halsnøy

Redningsskøyta R/S «Sundt» fekk leiteoppdraget.
Nyttårsaftan klokka 15:35 meldte Vest Politidistrikt om observasjonar av baugen til ein søkkt båt i sjøen utanfor Skarvasteinen på Halsnøy.
– Båten er halvt nedsøkkt om lag 200 meter utanfor Halsnøy Kloster, skreiv politiet på Twitter.
Hovudredningssentralen engasjerte redningsskøyta R/S «Sundt» på Eldøyane, som rykte ut til staden.
Klokka 18:20 opplyser Vest Politidistrikt til Sunnhordland at båten vart funnen av R/S «Sundt». Det er sannsynlegvis snakk om ein lausriven småbåt. Redningsskøyta hadde ikkje mogelegheit til å få med seg båtvraket, og Kystverket har fått oppdraget med fjerna båten i løpet av dei neste dagane.
Det er sterk vind i Halsnøyfjorden kvelden nyttårsaftan, men politiet trur ikkje det er snakk om at nokon kan ha vore i havsnaud på staden.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.