annonse

Får byggjeoppdrag verd 70 mill. kroner for Yme

Kontrakt
Kontrakt: Kværner har fått ein kontrakt verd 70 millionar kroner på Yme-prosjektet. Jobben skal gjerast i Verdal. (Foto: Illustrasjon)

Kværner er tildelt byggjekontrakt på støttestruktur for Yme-prosjektet.

Magne Kydland

Kværner har i dag blitt tildelt ein kontrakt med Repsol Norge AS for bygging av ein permanent støttestruktur for Caissonen til Yme New Development prosjektet, melder selskapet i ei pressemelding.

Verdien på fabrikasjonskontrakten er på 70 millionar kroner, og bygginga skal skje på verftet i Verdal.

– Kværner sitt arbeidsomfang består av innkjøp av materialar, og bygging av den 38 meter høge og om lag 1.300 tonn tunge støttestrukturen for Caissonen til Yme-prosjektet. Planlegging, innkjøp og metodearbeid startar med det same, medan fabrikasjon i Verdal startar i januar 2018. Leveranse er planlagt i juni 2018, heiter det i pressemeldinga.

Oppdraget med bygginga av støttestrukturen vil sysselsetje rundt 60–70 personar ved Kværner sitt verft i Verdal i byggjeperioden.

– Dette er ein viktig kontrakt for verftet i Verdal som kapasitetsmessig passar godt inn saman med bygginga av stålunderstella for bore- og prosessplattformene til Johan Sverdrup, og dei fire blistrene til Njord som skal leverast neste år, seier Sturla Magnus, konserndirektør i Kværner med ansvar for Structural Solutions og verftet i Verdal.

Les også: Her flyttar Kværner Stord den enorme Sverdrup-modulen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut