annonse

Får draghjelp av kommunen

INITIATIVTAKAR
INITIATIVTAKAR: Geir Angeltveit vil starta ein folkehøgskule for livsstilsendring, og får no draghjelp av formannskapet på Stord. (Foto: MARIUS KNUTSEN / ARKIV)

Geir Angeltveit får full støtte av formannskapet i det vidare arbeidet med å etablera ein folkehøgskule på Stord.

Anders Totland

Formannskapet i Stord kommune vedtok onsdag å støtte initiativet om å starta ein folkehøgskule på Stord. Bak initiativet står stordabu og Venstre-politikar Geir Angeltveit. For nokre veker sidan kunne han fortelja til Sunnhordland at det skal vera ein skule for friluftsliv, folkehelse og livsstilsendring i kombinasjon med ulike linjer.

– Eg ønskjer ikkje å leggja for mange føringar på kva som skal vera innhaldet i skulen. Det må vera eit samarbeidsprosjekt med organisasjonane og aktørane som vil bidra i arbeidet, sa Angeltveit.

– Stor konkurranse

I tilrådinga frå administrasjonen la rådmannen opp til at formannskapet skulle peika ut ein til to personar som kan sitja i eit styre for å jobba vidare med planane.

– Suksessfaktorane vil først og fremst vera at ein utviklar eit godt konsept og at skulen får ei attraktiv plassering. Det er populært å gå på folkehøgskule, men det er også mange tilbod og stor konkurranse. Rådmannen meiner likevel at dette er eit positivt initiativ som kommunen bør støtta ved å gå inn i interimsstyret.

I formannskapet fortalde ordførar Gaute Straume Epland (Ap) at det alt er fleire andre som har sagt ja til å vera med, og nemnde Lars Solberg, Svein Hatlevik og Magne Jostein Mikkelson, i tillegg til Geir Angeltveit.

– Positivt initiativ

– Dette er eit positivt initiativ. Me treng sånne ting på Stord, seier Marit Tislevoll Odland (Ap).

Sverre Olav Svarstad (H) fremja forslag om å løfta kommunen sitt bidrag endå eit hakk, med ei løyving på 10.000 kroner.

– Initiativet er prisverdig og spennande, og prosessen vil visa om det kan lukkast. Eg trur det betyr noko for dei som skal vurdera dette at kommunen er aktivt med, seier Svarstad og får støtte av Sigbjørn Framnes (Frp).

– Det er eit utruleg viktig bidrag å visa at dette er noko me har tru på, seier Framnes.

– Prikken over i-en

Også Torbjørn Brosvik (KrF) støtta dette forslaget.

– Ein folkehøgskule kan bli prikken over i-en i utdanningsfloraen i Stord kommune, seier Brosvik.

Eit samrøystes formannskap vedtok at ordførar Gaute Straumen Epland skal gå inn i interimsstyret til folkehøgskulen. Det var også full oppslutning om forslaget om å løyva dei 10.000 kronene.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut