annonse

Får ein halv million ekstra

MEIR STØTTE
Meir støtte: Staten aukar den årlege støtta ti Baroniet i Rosendal. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Regjeringa aukar det årlege tilskotet til Baroniet i Rosendal med ein halv million kroner.

Hilde Vormedal Nybø

For 2018 utgjer tilskotet frå Kulturdepartementet 1.425 millionar kroner. Frå 2020 blir tilskotet auka med ein halv million kroner og blir dermed 1.925 millionar kroner.

– Eg er svært imponert over kva ein har fått til på Baroniet i Rosendal. Dette er i tillegg til å vera et svært så levande museum med ein storslått renessansehage, ein unik arena for både kunst-, kultur- og historieformidling, sa kulturminister Trine Skei Grande som opna Rosendal Kammermusikkfestival samen med festivalleiar Leif Ove Andsnes fredag.

Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø er glad for det auka tilskotet.

– Baroniet Rosendal har over lang tid motteke langt mindre driftstilskot over statsbudsjettet enn andre museum i det nasjonale museumsnettverket. Kvinnherad kommune har difor i lenger tid arbeida for at overføringane Baroniet i dag tek imot over statsbudsjettet og frå det offentlege elles må aukast monaleg. På bakgrunn av dette vedtok Kvinnherad kommunestyre i budsjettet for 2018 at kommunen vil auka si årlege driftsstøtte til Baroniet med inntil 500.000 kroner dersom staten og Hordaland fylkeskommune gjer det same. Det var difor svært gledeleg at kulturminister Trine Skei Grande (V) stadfesta at staten no aukar sin andel med kroner 500.000. Kvinnherad kommune sitt vedtak står ved lag, og Baroniet er såleis i dag sikra 1 million kroner i ekstra driftstilskot frå og med 2019. Det er von om at Hordaland fylkeskommune vil følgja opp med tilsvarande auke i sitt budsjett for neste år og at den auka finansieringa frå 2019 såleis vert 1.5 millionar kroner årleg.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut