annonse

Får meir offshore-arbeid på Johan Sverdrup

Offshore
Offshore: Kværner og Aker Solutions er tildelt arbeid med ein estimert verdi på 100 millionar kroner. (Foto: Equinor)

Equinor har tildelt Kværner og Aker Solutions endå meir arbeid.

Vidar Hope

Kontrakten har for Kværner sin del ein estimert verdi på rundt 100 millionar kroner, skriv Kværner ASA i ei pressemelding fredag morgon.

Kværner er ein av hovudleverandørane i utviklinga av Johan Sverdrup-feltet. Kværner har så langt levert tre stålunderstell, og er no i full gang med å byggja utstyrs- og bustadplattforma og fase to-modulen til stigerøyrsplattforma. I tillegg er Kværner saman med Aker Solutions i full sving med gjennomføringa av offshore-påkoplinga av stigerøyrsplattforma, som er den største påkoplingsjobben på feltet, skriv selskapet.

«Equinor har no stadfesta opsjonar i kontrakten for påkoplingsjobben av Johan Sverdrup stigerøyrsplattform for ytterlegare offshorearbeid for Kværner og Aker Solutions, for gjennomføring av påkopling og ferdigstillingsassistanse av bustad- og utstyrsplattforma og offshorearbeid i samband med fase to av stigerøyrsplattformen», står det i meldinga.

– Me er svært tilfreds med å ha blitt tildelt desse opsjonane samen med Aker Solutions, som eit framhald av arbeidet me allereie er i gang med på Johan Sverdrup-feltet. Det stadfestar Kværner sin sterke posisjon når det gjeld å levera offshore påkoplingsprosjekt på tid og som avtalt med kunden. Tildelinga er også ein inspirasjon i vårt utrettelege arbeid med å styrka Kværners konkurransekraft, seier Hans Petter Mølmen, konserndirektør for «New Solutions» i Kværner.

Les også: Kværner vil tilsetja fleire

Fellesprosjektet med Aker Solutions er basert på en 50/50-modell der Kværner formelt er ein underleverandør til Aker Solutions. Det integrerte prosjektteamet vil jobba tett med Equinor også i framhaldet, og assistera i alle delar av prosjektgjennomføringa. Arbeidsomfanget består hovedsakeleg av planlegging, leiing og påkopling av Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform, i tillegg til påkoplingsarbeid i samband med fase to-modifikasjonane av stigerøyrsplattforma.

– Offshore-arbeidet me allereie er i gang med har god framdrift og me er på plan. Me ser fram til å fortsetja det gode samarbeidet med Aker Solutions i eit felles prosjektteam, seier Mølmen.

Førebuingane til prosjektet startar denne hausten. Offshoreperioden for utstyrs- og bustadplattforma har planlagt oppstart våren 2019.

Fullt mobilisert er det venta at prosjektet vil ha ein bemanning på rundt 3-400 personar i rotasjon, melder Kværner ASA.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut