annonse

Får millionstøtte til ny infrastruktur for hydrogen

Hydrogenferje
Hydrogenferje: I skipsfarten sin overgang til fornybar energi vert hydrogen sett som eit av dei mest realistiske alternative for større skip og lengre avstandar. Noregs første hydrogenferje vert sett i drift av Norled på riksvegsambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik i Ryfylke i 2021. (Foto: NCE Maritime CleanTech)

NCE Maritime CleanTech håvar inn på millionar i støtte for tida.

Magne Kydland

Sist veke var det Hordaland fylkeskommune som bladde opp nærare tre millionar kroner til tre miljøprosjekt.

No støttar Sparebanken Vest eit prosjekt som går på hydrogen i skipsfarten med to millionar.

– Me set no i gang arbeidet med å etablera ei grøn verdikjede for hydrogen i Noreg. Målet er å fjerne barrierar, finne norske produsentar og bidra til utviklinga av infrastruktur slik at hydrogen blir kommersielt tilgjengeleg for skipsfarten i løpet av 2022. Sparebanken Vest bidrar med 2 millionar frå «Vestlandsutbytte» til arbeidet. For at skipsfarten og andre industriar skal lukkast med ei grøn omstilling, må fossilt drivstoff erstattast med fornybare alternativ. Store delar av den internasjonale skipsindustrien peikar no på hydrogen som eit av dei mest realistiske nullutsleppsalternativa for hurtiggåande fartøy, større skip og lengre overfartar, skriv NCE Maritime CleanTech i ei pressemelding.

I Norge er det sett i gang ei rekke utviklingsprosjekt for hydrogendrift for blant anna ferjer, cruiseskip og hurtigbåtar. Fartøya som skal gå på flytande hydrogen må i dag nytta seg av hydrogen produsert av reformert naturgass, som vert frakta med tankbilar frå Europa. Dette gir ikkje den grøne klimarekneskapen næringa treng, og for å lukkast med omstillinga må det utviklast ei forsyningskjede for grøn flytande hydrogen i Norge. Vestlandet har ein sterk posisjon innan maritim sektor og er difor ein naturleg stad å starta arbeidet.

– Vestlandet kan med si vasskraft og sterke maritime kompetanse leia an i overgangen til lågutsleppsamfunnet. Ved å bidra til oppbygginga av ein infrastruktur for hydrogen i Noreg, ønskjer NCE Maritime CleanTech å ta ei nøkkelrolle i denne overgangen og dermed løfta verksemdene i regionen vår ytterlegare. Me er svært glade for at Sparebanken Vest har vald å støtta dette viktige arbeidet, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Målet med arbeidet er å leggja til rette for at hydrogen skal vera kommersielt tilgjengeleg, til ein konkurransedyktig pris, i løpet av 2022. Dette vil mogeleggjera eit grønt skifte i ei rekkje segment, som til dømes hurtigbåtar. I prosjektet samlar NCE Maritime CleanTech deltakarar frå leiande verksemder frå maritim industri, kraftindustrien og hydrogenselskap.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut