annonse

Får millionstøtte til omstilling

Får støtte
Får støtte: Både NCE Maritime CleanTech og industriomstilling i Sunnhordland står på lista over mottakarar, som no får støtte frå fylkeskommunen til vidare omstilling og utvikling. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Får nærare to millionar kroner for å oppretthalda konkurransekrafta i Sunnhordland.

Magne Kydland

Hordaland fylkeskommune har fordelt 5,6 millionar kroner til tre ulike prosjekt innan hav-, olje- og gassnæringa. To av desse prosjekta kjem Sunnhordland til gode, skriv Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

– Pengane skal gå til vidare omstilling og utvikling av næringslivet i fylket, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i pressemeldinga.

2,7 millionar kroner går til prosjektet «Bærekraftig og innovativ sjømatproduksjon» (KABIS) som skal utvikle miljøvenlege oppdrettssystem. Ein million kroner går til Bergen teknologioverføring (BTO) om samarbeid mellom klyngjene i havbruksnæringa. Det tredje prosjektet er «Arena Smart Prosjektindustri Sunnhordland» som får 1,9 millionar kroner til å oppretthalde konkurransekrafta til industrien i Sunnhordland.

– Målet er å leggje til rette for ei regional nærings- og samfunnsutvikling som sikrar innovasjon, nyskaping og vekst. Prosjekta representerer viktige satsingsområde for fylket, seier fylkesordføraren.

Les også: Får 110 millionar kroner til elektrisk passasjerbåt

Pengane blir tildelt gjennom det politisk vedtekne Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH). Totalt skal fylkeskommunen bruke 63 millionar kroner gjennom dette programmet i 2018 til nærings- og samfunnsutvikling i fylket.

– Me har ein klar ambisjon om å vera ein pådrivar for omstillingsarbeid og regional utvikling i regionen. Sjølv om det er lysare tider for næringslivet, er det er framleis behov for tiltak som stimulerer omstilling og utvikling, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Støtte til klyngjesamarbeid

Samarbeid i havnæringa får ein million kroner. Pengane vart avsette av fylkesutvalet i fjor til å følgje opp den nasjonale havstrategien til regjeringa «Ny vekst – stolt historie». Bergen teknologioverføring (BTO) har på vegner av dei blå klyngjene i fylket utarbeidd ein plan for korleis desse midlane kan nyttast.

Hovudmålet er å vidareutvikle samarbeidet mellom dei tre havklyngjene GCE Subsea, NCE Seafood Innovation og NCE Maritime CleanTech. BTO/Nyskapingsparken blir prosjektleiar.

Fylkesordføraren ønskjer å gje regionen eit koordinert og betydeleg løft.

– Me ønskjer saman å byggje det beste økosystem for innovasjon, nyskaping og vekst i Noreg og Europa. Hordaland fylkeskommune ønskjer at aktørane tek ei synleg rolle i regionen. Langsiktige, formelle og sterke samarbeidsstrukturar er sentrale for å lukkast. Dette ønskjer Hordaland fylkeskommune å bidra til å realisere, seier Anne Gine Hestetun.

Støttar omstillingsarbeid

1,9 millionar kroner skal gå til prosjektet «Arena Smart Prosjektindustri Sunnhordland». Målet er å sette industrien i Sunnhordland i stand til å oppretthalde konkurransekrafta. Klyngja står for nær halvparten av verdiskapinga i regionen. Prosjektet skal utvikle neste generasjon industriarbeidarar og teknologibruk innan industriell prosjektdriven produksjon.

Industriklyngja i Sunnhordland har lang tradisjon for omstilling, men ser no at den teknologiske utviklinga gjer at omstilling krev ein annan kompetanse enn før. Det er avgjerande at personell som fagarbeidarar, teknikarar og høgskuleingeniørar, blir sett i stand til å sjå potensialet i nye teknologiar.

– Hordaland fylkeskommune ser stor verdi i at industrien i Sunnhordland set desse endringsprosessane på dagsorden. Me ønskjer at regionen tek ein nasjonal posisjon og at me har ei sterk klyngje i verdstoppen i gjennomføringa av krevjande industriprosjekt. Dette er viktig når me skal sikre nye store prosjekt i framveksande marknadar som offshore havbruk, offshore vind- og bølgjekraft og kompleks infrastrukturutbygging, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut