annonse

– Får relevante jobbar etter studiet

Relevant
Relevant: HVL er med på å dempa hjerneflykta frå distriktet, meiner høgskulen sjølv. Her frå fjorårets samtidsdagar på Campus Rommetveit. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

HVL er med på å dempa «hjerneflukta» frå distrikta, viser fersk undersøking.

Magne Kydland

Studentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) får relevant arbeid etter studia. Det slår den store Kandidatundersøkinga 2018 fast. Den viser også at lokale campusar motverkar hjerneflukta frå distrikta.

88 prosent av kandidatane frå HVL seier dei har fått seg relevant arbeid innan to år etter at dei blei ferdige med studia, viser den ferske undersøkinga.

Motverkar hjerneflukt

– Her er det sjølvsagt variasjonar mellom faga. Dei som har tatt utdanning innan helsefaga eller til læraryrka er mest fornøgde med arbeidssituasjonen sin. Men det er gledeleg å sjå at det går mot lysare tider også for ingeniørstudentane. Blant dei er det no fleire som finn seg relevant arbeid enn det same undersøkinga viste for tre år sidan, seier Bjørg Kristin Selvik, som er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, i ei pressemelding frå HVL.

Det er ein generell tendens til at studentar søkjer seg bort frå distrikta etter studia. «Hjerneflukt» er eit omgrep for at eit geografisk område gir frå seg fleire ungdom til høgare utdanning enn dei får ferdig utdanna kandidatar tilbake.

Kandidatundersøkinga 2018 viser at Hordaland og Oslo har ein gevinst her frå utdanningsinstitusjonar på Vestlandet, mens til dømes Sogn og Fjordane og Rogaland opplever ei reell hjerneflukt.

– Undersøkinga stadfestar det me ved HVL har hevda – det er viktig å ha eit spreitt tilbod om høgare utdanning i nærområda. Tala viser at utdanningane ved campusane våre, i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund, bidreg til å motverke eller dempe hjerneflukta frå sine nærregionar, seier Selvik.

Studentane vil ha praksis

Utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet er i stor grad retta mot arbeidslivet, og dei fleste studentane får mykje praksis i løpet av utdanninga. Dette blir oppfatta som ein av grunnane til at dei fleste får relevant arbeid etter studia.

– Det er interessant å sjå at kandidatar frå alle utdanningane ønsker seg meir praksis, sjølv dei som allereie kjem frå praksistunge utdanningar som sjukepleiar- og lærarutdanningane. Me jobbar for å få praksis og kontakt med arbeidslivet inn som viktige element i alle utdanningane våre, seier Selvik.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut