annonse

Får støtte ny teknologi

Nøgde
Nøgde: Dagleg leiar Astrid Kjellevold i Atheno, administrerande direktør Steinar Røgenes i Kværner, og styreleiar i Atheno, Lars Solberg, er svært glade for at Hordaland fylkeskommune er med og støttar prosjektet som skal sjå på korleis ein i lokale verksemder kan ta i bruk nye teknologiar i industriell prosjektdriven produksjon. (Foto: Atheno)

Atheno og partnarane får nærare to millionar kroner for å testa ut ny teknologi.

Magne Kydland

Atheno og deira klyngjepartnarar i Sunnhordland tek nye grep for å setja lokal industri i stand til å sikre konkurransekrafta si. Målet er å gjera dagens og kommande generasjonar lokale industriarbeidarar i stand til å ta i bruk nye teknologiar og slik skape eit konkurransefortrinn i regionen.

I eit spleiselag mellom Atheno, deira klyngjepartnarar og Hordaland fylkeskommune, vert det no sett i gang eit prosjekt som skal arbeida målretta med korleis ein kan ta i bruk ny teknologi i industriell prosjektdriven produksjon.

– Det vert arbeidd veldig godt i klyngja vår for tida. Eg føler me spelar kvarandre gode, noko som er veldig kjekt å sjå. At Hordaland fylkeskommune no er med og støttar dette prosjektet med inntil 1,9 millionar, synest eg er framsynt og eit veldig positivt signal frå fylket, seier dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.

Fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal, ser stor verdi av at industrien i Sunnhordland set desse viktige endringsprosessane på dagsorden.

– Me ynskjer at regionen tek ein nasjonal posisjon på dette området. Ei sterk klyngje vil kunne stadfeste sin posisjon heilt i verdstoppen i gjennomføringa av krevjande industriprosjekt, og vera i angrepsposisjon for å sikre nye store prosjekt, påpeikar Sandal.

Les også: Solid resultat for Kværner

Klyngjepartnar Kværner er svært positivt innstilt til det nye prosjektet.

– Det er heilt avgjerande for oss å ha dei mest kompetente fagarbeidarane for å vera konkurransedyktige i ein internasjonal marknad. Når me kan arbeide målretta saman med Atheno og dei andre i klyngja om dette prosjektet er det ein vinn-vinn situasjon for alle partar, slår administrerande direktør i Kværner, Steinar Røgenes fast.

Styreleiar i Atheno, Lars Solberg, er klar til å sette i gong prosjektet omgåande.

– Industriklyngja i Atheno står for nær halvparten av verdiskapinga i regionen og er særdeles viktig i forhold til arbeidsplassar og utviklinga av næringslivet generelt. Den grunnleggjande store fagkompetansen me har i regionen, dei nye digitale mogelegheitene, og den store viljen til å skape resultat hjå klyngjepartnarane våre, gjer det ekstra motiverande å arbeide med dette framover, seier Solberg.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut