annonse

Får sykkelmillionar frå fylket

Ny sykkelveg
Ny sykkelveg: Det skal komma ny sykkelveg langs Hystadvegen. Prislappen er 4,5 millionar kroner. (Foto: -)

Sykkelbyen Stord får millionar til bygging av sykkelvegar.

Magne Kydland

Hordaland fylkeskommune satsar på nye sykkelvegar. Det kjem blant anna Stord til gode.

– Fylkeskommunen skal bruka 26,5 millionar kroner bruke på å byggja nye sykkelvegar i Fjell og på Stord. Fylkesutvalet har vedteke å fordela pengane på fem tiltak, skriv Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Mesteparten går til Fjell kommune på Sotra. Stord kommune får til saman rundt fem millionar kroner.

4,5 millionar kroner skal brukast til gang- og sykkelveg langs fylkesveg 61, Hystadvegen. I tillegg er det sett av 250.000 kroner til ein sykkelteljar i Borggata, av same slaget som i dag står på Vabakkjen.

– Hordaland fylkeskommune har i samråd med Statens vegvesen søkt om statlege midlar til å dekke halvparten av kostnadene. Denne satsinga er eit tiltak for at fleire skal kunne sykle i det daglege og såleis ha ein positiv innverknad på folkehelse og klima, heiter det i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut