annonse

Får tilleggskontrakt på 500 mill.

Meir Jobb
Meir Jobb: Kværner får endå meir å gjera i høve oppgraderinga av Njord A. (Foto: Ole Alexander Saue/arkiv)

Kværner er tildelt tilleggsarbeid på Njord A.

Magne Kydland

– Equinor har tildelt Kværner tilleggsarbeid på Njord A for å tilretteleggje plattforma for mottak av olje frå Fenja-feltet. Tilleggsarbeidet har ein estimert verdi på rundt ein halv milliard kroner, skriv Kværner i ei pressemelding.

Kværner signerte i mars i fjor ein totalkontrakt med Equinor for oppgradering av Njord A-plattforma. Kontrakten, som hadde ein verdi på om lag fem milliardar kroner, inneber ei full oppgradering av skrog og plattformdekk, eit prosjekt som skal setja Njord i stand til å kunne produsere olje og gass i fleire tiår framover. I tillegg til Njord-feltet, skal plattforma ta imot olje og gass frå de omkringliggjande felta Bauge og Hyme. Før jul blei det i tillegg bestemt at også Fenja (tidlegare Pil og Bue) skal knytast opp mot Njord A.

Fenja-feltet er et oljefelt i Norskehavet, om lag 120 kilometer nord for Kristiansund. Operatør VNG Norge leverte før jul inn ein plan for utbygging og drift der de skisserte ein utbyggingsløysing med to havbotnrammer og seks brønnar som skal koplast opp mot Njord A.

– Dette medfører at plattforma i tillegg til det opphavlege arbeidsomfanget også må tilretteleggjast for mottak og prosessering av oljen frå Fenja. Tilleggsarbeidet medfører ekstra fabrikasjons- og installasjonsarbeid ei rekkje stader på plattforma. Arbeidet med Fenja skal vera ferdig våren 2020, samtidig med det andre arbeidet på plattforma, heiter det i pressemeldinga.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut