annonse

Fekk heiderleg omtale

Utdrag frå reportasjen «Livet på Skuggesida». Faksimile
Utdrag frå reportasjen «Livet på Skuggesida». Faksimile: SUNNHORDLAND
Reportasjeserie om dopingmiljøet på Stord. Faksimile
Reportasjeserie om dopingmiljøet på Stord. Faksimile: SUNNHORDLAND
: Journalist Anders Totland. (Foto: PER EGIL LARSEN)

Sunnhordland fekk heiderleg omtale for to av fjorårets reportasjar under Vinterkonferansen i Skånevik.

Henrik Mundal Andreassen

Under Haugesund Journalistlag sin årlege vinterkonferanse i Skånevik fekk Sunnhordland først heiderleg omtale for reportasjeserien om dopingmiljøet på Stord i januar i fjor.
 
Serien er eit samarbeid mellom fleire journalistar, med Arild Skjæveland i spissen, og set fokus på eit veksande ungdomsproblem på Stord.
 
– Dette er eit døme på korleis ei lokalavis kan vera med å setja dagsorden, gjennom å prioritera ressursar over tid til ei viktig sak, skriv juryen.

Godt språk

Den andre heiderlege omtalen gjekk på godt språk i reportasjen «Livet på skuggesida», som vart publisert i romjula i fjor.
 
Reportasjen vart skriven av journalist Anders Totland, med bilete av fotograf Per Egil Larsen.
 
– Totland briljerer med poetiske vendingar i reportasjen. Det er ei god skildring av eit vanskeleg liv, meiner jurien som skriv at Totland unngår klisjear som mange let seg freista av å ta i bruk når rusmisbruk skal skildrast.

Kjekt med skryt

– Det er kjekt å få skryt og det er godt at nokon legg merke til jobben ein gjer, seier Totland.
 
– Juryen skryt over språkbruken. Var dette noko du var bevisst på undervegs i arbeidet?
 
– I denne reportasjen var eg veldig bevisst på korleis ein kan fortelja sterke og vanskelege historiar, på ein lettleseleg og jordnær måte, utan at det blei svulstig, seier journalisten.
 

Satsar meir

Ansvarleg redaktør Magne Kydland i Sunnhordland synest det er flott at lokalavisa får heider og ære for jobben en gjer.
 
Særs synest redaktøren det er kjekt med skryt for god journalistikk og godt språk.
 
– Me har det siste året hatt fleire reportasjeseriar der me går djupare inn i sakene enn det me elles gjer. Fokus på dopingmisbruk og det å setja søkjelyset på korleis rusmisbrukarane rundt oss har det, er to av fleire reportasjeseriar frå i fjor, seier Kydland.
 
– Me har planar om fleire slike framover, og det at me no blir heidra for vårt arbeid, gjer at me vil satsa endå meir på større satsingar som dette. Dette er kvalitetsjournalistikk av ypparste slag, held redaktøren fram.
 

Prisutdeling

Under Haugesund Journalistlag si prisutdeling på Vinterkonferansen i Skånevik i helga, stakk Alf Robert Sommerbakk i Haugesund Avis av med fotoprisen, for sitt bilete av dåverande helseminister Jonas Gahr Støre som leikar gøymsel i Djupadalen i Haugesund.
 
Journalistprisen gjekk til Mona Grønningen i Kvinnheringen for reportasjen «Ekte søskenkjærleik», som omhandlar ein ung lokal bloggar med sterke meiningar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut