annonse

Fem personar sjekka av helsevesenet

BRANN
BRANN: Fem personar vart sjekka av helsevesenet etter å ha fått i seg røyk frå brannen på Agasøster. (Foto: Ingvild Sjo/Bømlo-nytt)
FEKK I SEG RØYK
FEKK I SEG RØYK: Éin person er tilsett av helse. (Foto: Ingvild Sjo/Bømlo-nytt)

Brannvesenet byrjar få oversikt og kontroll over brannen på Agasøster.

Ingvild Siglen Berger Olav Røli

Klokka 19.34 søndag kveld skriv politiet følgjande på Twitter:

– Det ser ut som det byrjar å verta kontroll på brannen. Dei evakuerte på kaien vert ståande til situasjonen er heilt avklart. Brannhelikoptra har returnert. Tre personar er eksponert for røyk, og vert tekne hand om av ambulansepersonell, melder dei. 

Også 110-sentralen melder rett over 19.30 at brannvesenet har kontroll på brannen.

Knapt ein halvtime seinare vert det meldt at brannvesenet driv med ettersløkking på staden.

Bakgrunn: Hyttebrann har spreidd seg til lyngen

Omkring 30 personar er inntil vidare evakuert til ein kai på austsida av øya.

– Fem personar har vorte sjekka av ambulansepersonell på grunn av inhalering av røyk, ifølgje politiet.

Éin av desse er teken med til sjukehus for oksygentilførsel, medan resten er klarert.

Alf Agasøster er ein av bebuarane som bur på øya Agasøster.

– Politiet har gjeve oss beskjed om at det skal komma ein båt til kaien og plukka oss opp derifrå, sa han til Sunnhordland tidlegare søndag kveld.

Men no ser det altså ut til at brannen er under kontroll.

Les også: Må halda avstand grunna gassflaske

Når det gjeld den opphavlege hyttebrannen, melder politiet i 20-tida at det framleis brenn litt i hytta, men at brannvesenet har kontroll på dette.

Politiet opprettar sak og vil etterforska brannårsaka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut