annonse

Ferja vert slept vekk

VERT SLEPT
VERT SLEPT: Laurdag føremiddag var slepet av batteriferja alt i gong. (Foto: Tipsar)
HALSNØY
HALSNØY: Hybridferja «Ytterøyningen» skal ifølgje NRK etter planen slepast til Westcon i Ølen, om resultatet av laurdagens inspeksjon er bra. (Foto: Håvard Sætrevik/Grenda)

Den brannråka ferja som ligg til kai ved Sydnes på Halsnøy, vert slept bort frå staden.

Ingvild Siglen Berger

Ifølgje NRK Hordaland er det ingenting nytt med batteriferja «Ytterøyningen».

HALSNØY
HALSNØY: Hybridferja «Ytterøyningen» skal ifølgje NRK etter planen slepast til Westcon i Ølen, om resultatet av laurdagens inspeksjon er bra. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda

Fredag ettermiddag gjekk ekspertar frå brannvesenet i Bergen om bord for å ta gassmålingar, og det vart ikkje gjort funn av gass.

Temperaturen rundt batteria skal heller ikkje ha vore påfallande varmt, ifølgje 110-sentralen.

Norled melder at brannvesenet skal på inspeksjon klokka 10 laurdag.

– Om temperaturen er uendra, og det ikkje er noko gass der, skal ferja slepast til verkstaden til Westcon i Ølen, skriv NRK.

Klokka 11.17 melder NRK at ferja har fått klarsignal til sleping til verkstad. Kort tid etterpå var slepet starta. 

Ferjedramaet på Sydnes:

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut