annonse

Ferjefri E39 er vinnar av «sløseri-pris»

Vinnarar
Vinnarar: Ferjefri E39, her illustrert med bru over Bjørnafjorden, toppar Nettavisen si liste over dei største sløseriprosjekta i landet. (Foto: Statens vegvesen / illustrasjon)

Nettavisen sine lesarar har lite til overs for pengebruken langs kysten.

Vidar Hope

Avisa har med kåringa «Sløseriprisen» sett søkjelys på offentleg pengebruk. Den siste tida har lesarane røysta på kva prosjekt dei meiner fortener å vinna prisen. Av 12.000 røyster gjekk fleirtalet, 34 prosent, inn for å gi ferjefri E39 den ikkje heilt ærefulle topplasseringa. På andreplass, med 27 prosent av røystene, kjem ein kunstsilo til ein halv milliard kroner i Kristiansand.

Meiningar: Hordfast – eit elektronisk gjerde

Nye E39 går frå Kristiandsand i sør til Trondheim i nord.

«Det er norgeshistoriens største samferdselsprosjekt ifølge Statens vegvesen, og skulle opprinnelig koste 150 milliarder kroner. Allerede har prislappen vokst til mer enn det dobbelte. Bare papirarbeidet med planleggingen av superveien har så langt kostet skattebetalerne over 1,2 milliarder kroner», skriv Nettavisen.

Avisa har snakka med Jon Hustad, som meiner ferjefri E39 fortener å vinna kåringa.

– Norsk samferdselspolitikk er et bunnløst hull. Lobbyistene vinner hver gang. Jeg er sur, seier han til Nettavisen.

Les også: Mobiliserer for sørleg kryssing

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut