annonse

Færre permitterte – men regionen er ikkje friskmeldt

Lysare tider
Lysare tider: – Etterspurnaden etter arbeidskraft er høg innan industri, ingeniør- og IKT-fag, som er positivt. I august ser me ei kraftig auke i utlyste stillingar, seier Tommy Johansen i Nav Hordaland. Her ser me heile Sunnhordland sitt industriflaggskip, Kværner Stord. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Positive tal frå Nav når me legg august bak oss.

Vidar Hope

I august var arbeidsløysa for Sunnhordland på 2,9 prosent, som er under gjennomsnittet for Hordaland. I Sunnhordland ser me ein nedgang på 31 prosent i forhold til august 2016. Det er 402 færre arbeidsledige enn på same tid i fjor, noko som er svært gledeleg, skriv Sindre Vikanes, marknadskoordinator i Nav Sunnhordland, i ei pressemelding.

I månaden me nett la bak oss er det Stord (251 personar) og Kvinnherad (103 personar) som har størst nedgang i arbeidsløysa i Sunnhordland, på høvesvis 45 og 35 prosent.

– I Kvinnherad merkar me at samferdsleprosjekt og auka aktivitet innan industri og oljerelaterte næringar gir meir arbeid, seier Vikanes.

– Me ser no at talet på permitterte personar er meir enn halvert i forhold til august 2016 (- 52 prosent). Det er ein nedgang blant permitterte på 101 personar. Dette er endå ein indikator på at det er høgare aktivitet i arbeidsmarknaden i Sunnhordland enn i fjor. Samstundes må me leggja til at me tek imot varsel om permitteringar og oppseiingar. Det visar at det framleis er bedrifter som har utfordringar med å skaffa nok arbeid, og at marknaden kan vera uføreseieleg, skriv Vikanes.

Også for Hordaland fylke ser det lysare ut. For sjette månad på rad er det nedgang i arbeidsløysa. I august var arbeidsløysa i Hordaland på tre prosent av arbeidsstyrken, som er ein nedgang på 1.368 personar i høve same tid i fjor.

Arbeidsløysa i Norge var 2,7 prosent i august, ein nedgang på 10.751 personar (13 prosent) frå same tid i fjor, melder Tommy Johansen, ass. fylkesdirektør i Nav Hordaland.

Johansen er skriv at han er glad for at den positive utviklinga held fram i arbeidsmarknaden i Hordaland. Andelen langtidsledige går litt ned (2,6 prosent), men framleis er denne gruppa svært stor.

– Me har 4.687 langtidssøkjarar i Hordaland. Dette utgjer nærmare 56 prosent av alle dei heilt ledige, ei utvikling me er bekymra for. Me prioriterer denne gruppa, mellom anna ved inntak til arbeidsretta tiltak, skriv Johansen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut