annonse

Færre står utan arbeid

Betre tider
Betre tider: Arbeidsmarknaden i Sunnhordland – og i fylket – er på rett kurs. Septembertala syner nedgang på 33 prosent samanlikna med same månad i fjor i Sunnhordland. Her frå Plateverkstad 3 på Kværner Stord. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Septembertala for arbeidsmarknaden er oppløftande.

Vidar Hope

Den gode trenden held fram i Sunnhordland. I september var arbeidsløysa 2,5 prosent, som er ein nedgang på 33 prosent samanlikna med september i fjor.

– Det er no 773 heilt arbeidsledige i Sunnhordland, og det er 379 færre enn i fjor. Me må tilbake til mars 2015 sist arbeidsløysa var like låg, skriv marknadskoordinator Sindre Vikanes i Nav Sunnhordland i rapporten.

Den største nedgangen blant heilt ledige finn ein på Stord (232 personar, 46 prosent) og Sveio (37 personar, 44 prosent), medan arbeidsløysa auka med ni personar (18 prosent) i Fitjar i forhold til same tid i fjor.

– Det at det er fleire personar i arbeidsretta tiltak, er med å påverkar dei positive tala. Arbeidsretta tiltak er eit verkemiddel for å styrka mogelegheitene på arbeidsmarknaden. Det er difor viktig at personar med behov for tiltak får eit føremålsteneleg tilbod, skriv Vikanes.

Løftar me det opp på fylkesnivå ser arbeidsmarknaden betre ut også der. I september var arbeidsløysa i Hordaland på 2,8 prosent av arbeidsstyrken, som er ein nedgang på 1.330 personar i høve til same tid i fjor. Den mest positive utviklinga finn ein blant ledig ungdom under 25 år, i tillegg til ein halvering i talet på permitterte.

For åttande månad på rad går arbeidsløysa ned i Hordaland. I september 2017 sokk den sesongjusterte arbeidsløysa med 14 personar samanlikna med august. Tar ein med dei som er i arbeidsmarknadstiltak har ein ein auke på 12 personar (+0,1 prosent).

Fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Hordaland seier ho er glad for at den positive utviklinga held fram i arbeidsmarknaden.

Det er no 1.078 ledige ungdommar under 25 år i Hordaland. Nedgangen er på 254 personar (-19,1 prosent).

– Utviklinga er gledeleg. No ser ein resultat av arbeidet som er lagt ned for denne gruppa. Ungdom er eit innsatsområde for oss, noko statsråden òg har poengtert, skriv Kverneland Bogsnes i ei melding til Sunnhordland.

Det er 7.890 heilt ledige i Hordaland (-14,4 prosent). I tillegg er 3.319 personar delvis ledige og 2.134 går på tiltak. Me har 4.259 langtidsledige. Den største gruppa er personar mellom 30-39 år. Det er nedgang for dei som har gått kortare enn 26 veker medan talet på langtidsledige over 52 veker går litt opp.

– Framleis er denne gruppa svært stor og gjev grunn til uro. Me har 700 personar som har gått ledige i minst 104 veker. Talet aukar og me slit med å få dei ut i arbeid, skriv Kverneland Bogsnes.

Industriarbeid (1.146), bygg og anlegg (1.011) og ingeniør- og IKT-fag (797) er framleis dei yrkesgruppene med flest arbeidsledige. Talet på permitterte er 525 personar, som er 467 færre enn i same månad i 2016 (-47,1 prosent). Det er ikkje fleire varsel enn normalt. Flest utlyste stillingar denne månaden finn ein innan helse, pleie- og omsorg (429), bygg- og anlegg (351) og butikk (244). Etterspurnaden innan industri og ingeniør/IKT har dobla seg, noko som kan vera signal om at oljekrisa er på retur.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut