annonse

Fitjar kommune sa nei til å støtta folkehøgskulen

Fekk nei
Fekk nei: Geir Angelveit og Lars Solberg i interimsstyret for Stord folkehøgskule, får ikkje støtte til prosjektutvikling frå Fitjar. (Foto: MARIUS KNUTSEN (ARKIV)

Formannskapet i Fitjar sa nei til Stord folkehøgskule sin søknad om støtte.

Hilde Vormedal Nybø

Folkehøgskulen er avhengig av økonomisk støtte frå verksemder lokalt for å levera ein så god søknad som mogeleg og konkludera eit hovudprosjekt. Interimsstyret som jobbar for folkehøgskulen søkte om 15.000 kroner i støtte til prosjektutvikling.

– Eg opplevde at alle er positive til den planlagde folkehøgskulen, men med tanke på den krevjande situasjonen me er inne i, så såg ikkje fleirtalet at ein kunne støtta prosjektet, seier ordførar Wenche Tislevoll (H).

Sigurd Andre Maraas (FrP) la fram forslag om å gje støtte til folkehøgskulen, men dette fekk berre røystene frå Maraas og Wenche Tislevoll (H) og fall.

Tislevoll sit elles i interimsstyret til Stord folkehøgskule saman med Gaute Epland, Svein Hatlevik, Magne Jostein Mikkelson, Lars Solberg, Tora Haslum Myklebust og Geir Angeltveit.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut