annonse

Fitjar Mek. skal byggja 65 meter lang snurpar

Lokalt produkt
Lokalt produkt: Design frå Salt Ship Design på Leirvik skal byggjast hos FMV på Fitjar. «Vikingbank» skal leverast hausten 2020. (Foto: Salt Ship Design)

Lokalt samarbeid har ført til kontrakt.

Vidar Hope

Fitjar mekaniske verksted (FMV) og Salt Ship Design står saman bak det som skal bli snurparen «Vikingbank». Det er reiarlaget Cetus AS frå Karmøy som har bestilt det 65 meter lange og 14 meter breie fartøyet.

Skipet er designa og utvikla av Salt Ship Design AS på Leirvik etter tett og godt samarbeid med reiarlaget, og dette er andre gongen på mindre enn to år Cetus AS bestiller fiskefartøy med Salt-design som skal byggjast ved Fitjar Mek, melder selskapa i ei felles pressemelding.

I tillegg til at båten er designa og skal byggjast lokalt, er det fleire lokale leverandørar som skal levera utstyr og tenester til nye «Vikingbank». Fartøyet skal leverast i september 2020.

– Me er svært nøgde med igjen å få tilliten, og ser fram til å halda fram det gode samarbeidet med Salt og Cetus. Dette er ein viktig kontrakt for FMV og våre tilsette. Med FMV46 «Vikingbank» har me ein nybyggingshorisont på knappe to år beståande av ti ulike fartøy, seier verftsdirektør Hugo Strand i meldinga.

Egil Sandvik i Salt Ship Design er også nøgd.

– Nye «Vikingbank» er andre fiskebåt med Salt-design for Cetus-reiarlaget, og me er svært glade for at dei kjem tilbake til Salt når dei no kontraherer ny båt igjen. Skipsdesignarane hos Salt ser òg fram til å fortsetja det gode samarbeidet med Fitjar Mek., som no har to nybygg til reiarlaget under bygging, seier Sandvik.

Med «Vikingbank» har Salt Ship Design totalt 20 fartøysdesign under bygging. Av desse er sju fiskefartøy og fem til havbruksnæringa.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut