annonse

«Fjord-kongen» er seld

: «Fjord-kongen» har blitt fast inventar på ferjekaien i Sagvåg. No nærmar det seg tid for avgang.
Arkiv (Foto: HILDE VORMEDAL NYBØ)
: Hamnesjef Inge Espenes har via advokat Audvald Kvamme kravd over ein million kroner frå tvangssalet.
Arkiv (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
MF «Fjord-kongen»

Etter to og eit halvt år til kai på Stord har «Fjord-kongen» no fått nye eigarar.

Hilde Vormedal Nybø

– Ferja er seld for 1,3 millionar kroner, seier advokat Audvald Kvamme.
 
 
 
Han har kravd ferja tvangsseld på vegner av Stord kommune for å få dekka utgiftene til det langvarige kaiopphaldet på Stord.
 
 
 
Det var i oktober 2012 at «Fjord-kongen» kom til Stord og først til Leirvik. Planen til Fjordservice Sogn og Fjordane var eit kort opphald på Stord før den skulle ut på nye oppdrag i Rogaland. Det blei det aldri noko av. Eitt år seinare, i oktober 2013, var ferja flytta til Sagvåg, og Stord gjekk til Sunnhordland tingrett og bad om tvangssal.
 
 

Overtek i april

Kjøparen av ferja er Terje Petter Kragset. Han er los, busett i Stavanger, men kjem ifrå Sunnmøre.
 
 
 
– Planen er å etablera eit fjordcruiseselskap og driva med fjordcruise i Sunnmøre, seier Kragset til Sunnhordland.
 
 
 
 
Les også: Hamnesjefen ryddar plass til forsyningsskip på Leirvik
 
 
 
 
Han meiner at «Fjord-kongen» er godt eigna til formålet.
 
 
 
– Det er jo litt avgrensa kva undersøkingar eg har fått gjort av båten, men det synest som den er i bra stand. Den blei jo ombygd i 1992, og er no ei rein passasjerferje som er vinterisolert, seier Kragset.
 
 
 
Om prisen på ferja skriv Sunnhordland tingrett at ein reknar med at omstenda rundt salet truleg har ein prisdempande effekt, særleg ved at det er avgrensa rett til reklamasjon.
 
 

Strid om pengar

Sjølv om tingretten no har stadfesta bodet, har Stord kommune framleis ikkje fått pengane sine.
 
 
 
– Det er ein usemje mellom oss og Sparebanken Sogn og Fjordane, seier Audvald Kvamme.
 
 
 
Les også: Lang, lang rekke med lastebilar på Nattrutekaien
 
 
 
Banken har ifølgje skipsregisteret pant i båten på fem millionar kroner, men på grunn av regelen om legalpant for hamneavgift meiner kommunen at deira krav kjem før annan pant.
 
 
 
– Våre krav er på vel ein million kroner, seier Kvamme.
 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()