annonse

Flagga til topps på gassferjene

KJEMPEKJEKK DAG
KJEMPEKJEKK DAG: Matros Vidar Vassetrem og styrmann Fred Åge Moe om bord på MF «Huftarøy» har fått på plass alle signalflagga mellom mastene for å feira dagen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
PÅ VEG TIL DÅP
PÅ VEG TIL DÅP: Kaptein Knut Erik Haugen om bord på MF «Huftarøy» er svært nøgd med dei nye gassferjene. – Dei har masse backupsystem om bord samanlikna med eldre ferjer, seier kapteinen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
DEN FØRSTE DÅPEN
DEN FØRSTE DÅPEN: Gudmor Tone Soleng Wilsgaard sender sjampanjeflaska mot skroget til MF «Samnøy». – Dette er ei stor æra, sa gudmora. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
PÅ PLASS
PÅ PLASS: Fitjarordførar Wenche Tislevoll og rådmann Olaug Haugen synest det var flott å vera med på ferjedåpen på Halhjem. – Ein tek jo nærast ferjene for gitt i dag, det har jo blitt sånn etter alle desse åra, seier Wenche Tislevoll. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
OM BORD PÅ DÅPSFERJA
OM BORD PÅ DÅPSFERJA: Passasjerar Øystein og Grethe Færøy sat om bord på førstedåpsferja MF «Samnøy» til Fitjar. – Me brukar ofte ferjene, og det var mykje problem i vinter. Men no er alt bra og Torghatten Nord fortener skryt for dei flotte ferjene sine, seier Grethe Færøy. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
NØGD MED TORGHATTEN NORD
NØGD MED TORGHATTEN NORD: Hans Petter Sjøvoll jobbar offshore og pendlar ofte mellom Bømlo og Bergen og Sotra. – Eg opplevde problem med Bastø-ferjene som gjekk i starten, men etter det har det gått veldig bra, seier Sjøvoll. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
STOR DAG PÅ JOBB
STOR DAG PÅ JOBB: Medarbeidarane i kafeteriaen på MF «Samnøy» delte ut gratis kake til ferjepassasjerane på dåpsdagen. F.v. Solfrid Sørensen, Hildegunn Reigstad, Danuta Walczak, og May-Linn Reily. – Mange har gratulert oss i dag, så det er jo kjempestas, seier Hildegunn Reigstad. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FØRSTEDÅPSFERJA
FØRSTEDÅPSFERJA: MF «Samnøy» var første ferje til å døypast, og Tone Soleng Wilsgaard i DNB var gudmor. Her med kaptein på ferja Jonny Slettevold, og adm.dir. Torkild Torkildsen i Torghatten Nord. Ikkje på biletet er kaptein Harry Mellingen-Haugland og maskinsjef Roger Lekven sidan dei var på vakt og måtte halde ruta. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
ALLE GUDMØDRENE SAMLA
ALLE GUDMØDRENE SAMLA: Konsernsjef Roger Granheim (t.v.) i Torghatten ASA og adm.dir. Torkild Torkildsen i Torghatten Nord flankerer her alle gudmødrene til dei fem Torghatten-Nord-gassferjene. F.v. Kathrine Granheim som døypte MF «Flatøy», Trine Lindborg for MF «Huftarøy», Tone Soleng Wilsgaard for MF «Samnøy», Jane Bordal for MF «Færøy», og Kirsti Jæger Torkildsen som døypte MF «Lysøy». (Foto: TORGHATTEN NORD)
FLOTT FERJE
FLOTT FERJE: Alle dei fem ferjene i sambandet Halhjem-Sandvikvåg vart døypte onsdag. Her ser me MF Huftarøy ved Sandvikvåg. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

+ Mannskapet om bord på MF «Huftarøy» hadde pynta gassferja til fest på dåpsdagen.

Henrik Mundal Andreassen


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut