annonse

Flaum i Skrivarvegen

VATN
VATN: Det er mykje vatn på vegane i dag, som her i Skrivarvegen på Leirvik. (Foto: HARALD ONARHEIM)
FLAUM
FLAUM: Det er mykje vatn i Skrivarvegen laurdag morgon. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)

Dei store nedbørsmengdene i natt skal ha ført til at det har flauma over i Skrivarvegen på Stord.

Ingvild Siglen Berger

– Det vart nettopp meldt inn av både politiet og publikum, seier Tom Hansen hos Vegtrafikksentralen Hordaland like før klokka 09.

Han fortel at dei har entreprenør på veg til staden for å sjå på flaumen. Det er generelt mykje vatn på vegane laurdag morgon.

Vegtrafikksentralen har elles ikkje fått nokre meldingar om skader eller hendingar som følgje av uvêret i natt.

Også for politiet har det vore ei roleg natt, opplyser vaktsjefen hos Haugesund politistasjon.

Det er framleis mykje vêr i vente denne helga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut