annonse

Flokka seg under ei smal bru

Show
Show: Spektakulært! (Foto: Thomas André Breidvik)
Minne for livet
Minne for livet: Thomas André Breidvik fekk litt av eit syn på Børøy i ettermiddag. (Foto: Privat)

Thomas André Breidvik skulle heim frå ein jobb då ein flokk brått viste seg i den grunne sjøen.

Vidar Hope

I ettermiddag sumde ein flokk med spekkhoggarar under den vesle brua som går over Naustsundet til Børøy ved Finnås på Bømlo. Tilfeldigvis var Thomas André Breidvik på rett stad til rett tid. Og heldigvis hadde han telefon med videokamera på seg.

Grunt farvatn

– Sundet er ikkje meir enn fire meter breitt og to meter djupne der brua går over til Børøy. Me hadde vore på eit oppdrag med å pussa opp ei hytte då me på returen oppdaga noko i sjøen, seier Breidvik til Sunnhordland.

Minne for livet
Minne for livet: Thomas André Breidvik fekk litt av eit syn på Børøy i ettermiddag. Foto: Privat

Han er tømrar i Idealhus på Stord.

– Det var mellom fem og ti dyr i flokken og dei sumde forbi, att og fram, i sikkert fem minutt. Det såg ut som dei var på jakt etter fisk, forklarar Breidvik.

Kom tett på

Reaksjonane på synet han, kollegaen hans og nokre andre tilfeldig forbipasserande og nysgjerrige bømlingar fekk, kan du høyra i videoane i toppen og under.

Breidvik har aldri sett ville spekkhoggarar før.

– Det er ikkje ofte ein kjem så nær som me gjorde her. Det var litt av eit syn. Og det er nok ikkje vanleg at spekkhoggarane kjem heilt inn i det området, seier han. 

Fleire observasjonar

15. april blei Jahn Erik Lindholm (32) og familien vitne til eit heftig naturdrama – rett utanfor huset sitt – då svoltne spekkhoggarar, kanskje den same flokken, slo til mot niser. Det skjedde i Stølsvik på Halsnøy.

Her er endå ein video frå Børøy:

I mars dukka ein flokk opp då stordabu Asmund Aasheim og kollegaen hans Bjørn Roger Haugen fiska i Bømlafjorden

Har du sett spekkhoggarar i det siste? Send oss gjerne ein e-post på vidar(a)sunnhordland.no.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut