annonse

FMV skal levera båt til Bømlo

NY BÅT
NY BÅT: FMV skal levera ein ny prosessbåt til Napier AS. (Foto: )
Napier AS

Skal levera 43 meter lang prosessbåt til Napier AS.

  • Anders Totland

Napier AS på Bømlo har bestilt ein ny prosessbåt hos Fitjar Mekaniske Verksted (FMV), med opsjon på ein båt nummer to. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Båten er 43 meter lang, 11 meter brei og har ein lastekapasitet på 300 tonn. Etter planen skal båten vera klar i desember 2018.

– Me har valt å kontrahera båten utan fast avtale, og me har stor tru på at me skal få kontrakt under byggjetida. Me har stor interesse for konseptet og trur at båten òg vil klara seg svært godt i ein spotmarknad, seier Kjetil Tufteland i Napier AS.

Selskapet skriv at det er lagt til rette for at båten skal kunna lasta kvar dag, dersom forholda blir lagt til rette for det. Båten skal kunna lossa på dei fleste slakteri utan store ombyggingar. Ifølgje selskapet vil den nye prosessbåten vera ei vidareutvikla utgåve av Napier sin båt MS «Tauranga», og er resultatet av eit konseptarbeid som har gått føre seg i 11 år. Dette har ifølgje Napier blitt gjort i samarbeid med Marine Harvest, og det som skil konseptet frå andre båtar er at dei kan slakta på merdkanten – noko selskapet meiner er framtid for oppdrettsbransjen.

– Tauranga har no bløgga 400.000 tonn fisk på merdkanten, og me har tileigna oss betydeleg erfaring etter kvart. I Norge er me førebels det einaste reiarlaget som har erfaring med bløgging på merdkanten. Marine Harvest har fornya avtalen med Tauranga til 2021, seier Tufteland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut