annonse

For ein fest!

KIM LARSEN:
KIM LARSEN: Danske Kim Larsen under Tysnesfest. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Ein kunne sjå kor dette bar hen alt på torsdag, då heile 2.500 menneske tok seg til toppen av Tysnessåto (753 m.o.h.) for å få med seg konserten med Sivert Høyem. Det er om lag 1.000 fleire enn i fjor. Dermed var grunnlaget for nok ein publikumsrekord på Tysnesfest lagt alt før festen var skikkeleg i gang. Rett nok var ikkje teljinga ferdig då Sunnhordland gjekk i trykken i går, men mykje tyder på at årets fest blir endå ein publikumsrekord.

Det som gjer Tysnesfest så unik og spesiell er at her skjer det ting frå tidleg formiddag til seine natta, og festivalen varar heilt frå onsdag til søndag. Her er noko for einkvar smak, og for ulike folk i alle aldrar. Her møtest folk frå både Sunnhordland og Bergensområdet på øya, som ligg lett tilgjengeleg anten ein kjem frå nord eller sør. Skulle det vera noko å setja fingeren på, må det vera at det er noko avgrensa med overnattingskapasitet, dersom ein ikkje har båt eller hytte på Tysnes. Men likevel blir folketalet nærare tidobla denne helga.

Og det er ikkje måte på kva for store artistnamn som dukkar opp på plakaten, år etter år. Denne gongen var det blant anna Vamp, Astrid S., Alan Walker, Highasakite, Kim Larsen, DeLillos og The Waterboys som toppa plakaten. Ein må anten langt vekk, eller til store byar, for å finna liknande artistrekkjer som det tysnesgjengen klarar å få til festivalen, år etter år.

Heller ikkje regnet som kom utover laurdagskvelden såg ut til å leggja noko dempar på festen, sjølv om mange naturleg nok var skuffa over at den siste konserten med Alan Walker vart avlyst. Ei klok og fornuftig avgjerd. Dette vart nok ein stor suksess, 11 år etter at det heile starta, og me er spente på korleis dette årlege eventyret vil utvikla seg vidare.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.