annonse

Forhandlingane held fram

FORHANDLAR
FORHANDLAR: Heller Sp til venstre- eller høgresida? Frå v. er Jakob Bjelland (Sp), Gaute S. Epland (Ap), Sigbjørn Framnes (Frp) og Øystein Kyvik (H) på valkvelden. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Det vert forhandla både i Fitjar, Bømlo og Stord onsdag kveld.

Ingvild Siglen Berger

Klokka 17.00 starta kveldens forhandlingar mellom Ap, KrF, Sp, SV og MDG på Bømlo.

– Eg har ikkje så mykje nytt å melda. No set med oss ned saman, og det vert ein spanande kveld, seier Torunn Laurhammer (Ap) til Sunnhordland.

Ho kan verta den nye ordføraren på Bømlo, trass i at Høgre gjorde eit betre val enn Arbeidarpartiet.

– Det er vanskeleg å seia kor lang tid forhandlingane vil ta, men me har som mål å koma vidare i kveld, seier Laurhammer.

På Fitjar er det KrF, Sp og Frp som forhandlar. Leiar i forhandlingsutvalet til KrF, Bård Inge Sørfonn, seier at det framleis er litt som står att. Det er i første omgang posisjonar ein har snakka om i Fitjar, før ein deretter har hatt interne rundar i partia.

– Eg veit ikkje sikkert, men truleg kjem det ingenting frå oss i kveld, seier han.

På Stord har Senterpartiet drive sonderingar både til høgre- og venstresida. Ordførarkandidat Jakob Bjelland har tidlegare peika på at Sp tradisjon tru vil forhandla saman med KrF. 

– Vert nok ikkje noko endeleg konklusjon i kveld, skriv Bjelland i ein SMS til Sunnhordland onsdag kveld. 

Sigbjørn Framnes i Frp stadfestar at det ikkje er avtala noko forhandlingsmøte mellom partia på høgresida i kveld.

– Me sit og jobbar med noko, men må koma tilbake til det. No jobbar me kvar for oss, seier Framnes.

Få med deg alt om valet her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut