annonse

Forskar på helse og læring

: Skulejoggen er eit årleg arrangement på Nysæter (Hanna Ask og Melissa Dahl i front i 2013). Men kor stor er aktiviteten til 8.-klassingane i ei vanleg veke?
Arkiv (Foto: PER EGIL LARSEN)
: Ingeborg Barth Vedøy frå Stord er doktorgrads­stipendiat og jobbar med prosjektet.
(Foto: HØGSKULEN I INNLANDET)

Korleis har ungdommane det på skulen? Kva fremjar og hemmar deira psykiske helse og læring? Det vil forskarar finna svaret på.

Hilde Vormedal Nybø

Høgskulen i Innlandet, avdeling for folkehelsefag, skal dei neste vekene gjennomføra ei undersøking av elevar på 8. trinnet på Nysæter og Stord ungdomsskule.
 
 
 
Forskinga er dels basert på ei spørjeundersøking på skulen hausten 2016, 2017 og 2018. I tillegg ønskjer forskarane å klarleggja ungdommen sin aktivitet, med ein aktivitetsmålar som elevane skal ha i eit belte rundt livet i ei veke.
 
 
 
- Det er ein avansert skritteljar, som også måler intensitet, fortel stipendiat Ingeborg Barth Vedøy, som sjølv er frå Stord. Undersøkinga er ein del av hennar doktorgradsarbeid.
  
 

 
- Me har i sommar gjennomført ein pilot for studia med elevar frå Stord og Nysæter, fortel Vedøy.
 
 
 
I tillegg til aktivitetsmålar ønskjer forskarane å måle vekt, høgde og midjemål til ungdommane, i tillegg til å få tilgang til karakterane.
 
 
 
- Det er fullt mogeleg å vera med i undersøkinga utan at ein gjev tilgang til dømes høgde, fortel Vedøy.
 
 
 
Totalt vil ein undersøkja elevane på 11 skular i landet, noko som potensielt utgjer 1.000 elevar.
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut