annonse

Fotgjengar sendt til sjukehus

Blir etterforska
Blir etterforska: Politiet var framleis på staden i 07-tida tysdag og gjorde målingar, der ein 53-åring blei påkøyrd i gangfeltet ved gangbrua over E39 på Heiane. (Foto: Magne Kydland)

Fotgjengar frakta til sjukehuset i dag tidleg. Bilførar mista førarkortet.

Magne Kydland

Ein fotgjengar vart i morgontimane tysdag påkøyrd av ein bil i gangfeltet ved Elkjøp på Heiane. Fotgjengaren har truleg komme gåande over gangbrua over E39 og over gangfeltet då ein sjåfør ikkje klarte å stoppa i tide.

Fotgjengaren skal ha blitt skadd, men var medviten då han vart frakta vekk i sjukebil.

– Føraren, ein mann på 57 år, fekk førarkortet beslaglagt. Fotgjengaren, ein mann på 53 år, er berre lettare skadd. Politiet undersøkjer saka nærare, står det å lesa på Sørvest politidistrikt sin twitterkonto.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut