annonse

Frå KrF til Høgre

Byter parti
Byter parti: Pål Kårbø då han var fungerande fylkeskordførar. Her saman med Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland. OLE ALEXANDER SAUE (ARKIV) (Foto: )

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø seier at han har fått nok av KrFs «ørkenvandring i samarbeidsspørsmålet»

Hilde Vormedal Nybø

Dermed forlèt Kårbø partiet og meldar overgang til Høgre, skriv Bergens Tidende.

Kårbø seier at han har brukt sommaren til å måle hus og tenkja.

Spørsmålet han grubla på var om han etter 20 år i fylkestinget var motivert til å fortsetja i partiet.

– Eg kjennar at KrF sin nasjonale ørkenvandring i samarbeidsspørsmålet, og det at ein heile tida ikkje kan bestemma seg, tar på. Eg meiner ein burde teke det rommet og sikra landet ei fleirtalsregjering. Eg ser at dei ikkje klarar å ta ein konklusjon, og då må eg fokusera på min eigen nominasjon, seier Kårbø til BT.

Han ynskjer å fortsetja i fylkespolitikken, men i nytt parti.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut