annonse

Frå politikk til fiskeoppdrett

: Kjetil Hestad har fått seg ny jobb, i oppdrettsnæringa. Arkivfoto

Kjetil Hestad vart skuffa då han ikkje vart attvald som Tysnes-ordførar. No har han fått ny jobb, innan lakseoppdrett.

 Kjetil Hestad er tilsett som Miljø og -samfunnskoordinator for dei to selskapa Lingalaks og Tombre Gruppen med verknad frå 1. februar.
 
Det opplyser dei to oppdrettsselskapa, med adresse Strandebarm (Kvam) og Eikelandsosen (Fusa).
 
Hestad var ordførar i Tysnes førre periode.
 
– Med Kjetil Hestad på laget er me trygge på at me vil få ein medarbeidar som vil bidra til våre to selskap på ein utmerkja måte. Med hans gode kunnskap til både næringa og samfunnet vil me ynskja Kjetil alt godt i den nye  jobben – og ser fram til å jobbe saman med han. Saman med Kjetil skal me bidra til å løfta ei viktig næring for vår region vidare opp og fram». seier dei to daglege leiarane, Håkon Tombre i Tombre Gruppen og Erlend Haugarvoll i Lingalaks AS, i ei pressemelding.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut