annonse

Framtida.no kan mista stønad

Kutt
Kutt: Redaktør Svein Olav B. Langåker i Framtida risikerer å få mindre stønad til Framtida.no. Han heldt til på lokalkontoret på Stord. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

Forslaget til statsbudsjettet kan gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge.

Anita Haugland

I framlegget til statsbudsjettet er det forslag om å kutta 1,2 millionar kroner i støtta til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Eit kutt i statsstøtta vil gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion, åtvarar dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

Desse tilboda for barn og unge har så langt i år hatt til saman over ein halv million brukarar. I neste veke er LNK med på å starta Framtida junior – eit stort digitalløft på nynorsk for barn mellom 7 og 13 år.

– Eit kutt i statsstøtta kjem på eit verst tenkjeleg tidspunkt når me satsar så tungt på noko som vil vera så viktig for bruk av nynorsk blant barn og unge, uttaler Høviskeland i ei pressemelding.

LNK driv i tillegg med språkkurs, språkleg rettleiing og anna nynorskarbeid retta inn mot dei 123 medlemene. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

Framtida.no ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge. Svein Olav B. Langåker frå Stord er redaktør, og held til på lokalkontoret på Stord. Han er også redaktør for  Magasinett og Pirion.

– Det er ikkje noko kjekt at me igjen risikerer å mista viktig stønad. Dette er 4. gong det skjer, og me håpar at Stortinget, som tidlegare, hjelper oss å få retta opp i dette, seier Langåker. 

Han håpar også å sleppa denne uvissa i framtida.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut