annonse

Freda ferje tilbake i teneste

: Den freda ferja MF «Skånevik» gjer no nytte for seg i sambandet Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad. Arkivfoto

MF «Skånevik» vart pensjonert i 2004. No er den freda bilferja tilbake i ordinær rutetrafikk.

Magne Kydland

Frå og med i ettermiddag vart MF «Skånevik» sett inn i ordinær rutetrafikk mellom Klokkarvik, Lerøy, Bjelkarøy og Hjellestad, etter at MF «Sundferja» måtte på verkstad grunna teknisk trøbbel.
 
 
 
Det er Gulen Skyss som driv sambandet, og då dei fekk problem med ferja si, kontakta dei Ferjelaget Skånevik, som driftar den freda ferja, som ofte ligg til kai på Leirvik.
 
 
 
Det er Bergensavisen som melder dette.
 
 
 
– Me har fått nokre førespurnader tidlegare, men me var litt usikre på om «Skånevik» er for stor for denne ruta, seier styreleiar i ferjelaget, Øyvind Særsten, til BA.
 
 
 
Men etter ein testtur tysdag, vart det klart at veteranferja kunne brukast, og den er no sett inn i trafikk til «Sundferja» er ute av verkstad att. Kor lang tid det tek er usikkert.
 
 
 
– Det gjekk veldig bra, og for oss som legg ned mange timar med dugnad, er det veldig moro at ferja skal trafikkera eit ferjesamband att, seier Særsten.
 
 
 
MF «Skånevik» har tidlegare gått i sommarrute mellom Balestrand og Fjærland, men dette er første gongen den freda ferja går i ordinær rutetrafikk sidan 2004. Då gjekk ho på Fjelbergruta.
 
 
 
Det var HSH som eigde ferja, som vart bygd på Ulstein Mekaniske Verksted i 1967, heilt til ferjelaget overtok eigarskapet i 2005.
 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut