annonse

Fremjar motsegn mot naustplanar

Storutbygging
Storutbygging: 31 nye naust blir for omfattande, ifølgje Fylkesmannen i Hordaland. (Foto: Fronta / illustrasjon)

Fylkesmannen i Hordaland meiner det blir for omfattande med 31 nye naust på Skjersholmane.

Anders Totland

Moloanlegg, forsamlingshus og nye naust er på lista over kva som kan komma på Skjersholmane, dersom detaljreguleringsplanen for småbåthamna sør for ferjeleiet går gjennom. Fylkesmannen i Hordaland var tidleg i prosessen skeptisk til planane, og har no fremja motsegn. Det inneber at kommunen ikkje kan vedta planen slik han ligg føre.

For høgt

Fylkesmannen meiner at det blir altfor omfattande, dersom det blir opna for å bygga 31 nye naust, med opning for seks meter mønehøgde. Han reagerer òg på den planlagde høgda på båtgarasjane, som han meiner i utgangspunktet er i strid med føresegnene i kommuneplanen.

– Etter Fylkesmannen si vurdering er planforslaget slik det ligg føre, fremja i vesentleg motstrid med gjeldande planar og med dei statlege planretningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona, skriv Fylkesmannen.

Dialogmøte

Representantar frå Stord kommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland var i slutten av september i eit dialogmøte, for å drøfta planen. Ifølgje Fylkesmannen gav kommunen der uttrykk for at ein vil jobba vidare med å planen, i lys av innspela og dialogen på møtet.

– Dersom kommunen finn å villa gå vidare med ein plan for ei redusert utbygging, tilpassa statlege og regionale retningslinjer, må òg landskapsverdiane sett frå land og sjø, og verknadane av planlagt utbygging på desse, synleggjerast betre i planen, skriv Fylkesmannen.

Les også: Nytt sjøsportsenter på Skjersholmane tek form

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut