annonse

Frigjev namnet på den omkomne 18-åringen

Samling
Samling: Onsdag kveld blir det samling i Valen kyrkje. (Foto: Anders Totland)
OMKOM
OMKOM: Ein 18-åring frå Valen omkom natt til onsdag i ei trafikkulukke på Opsangervegen. (Foto: ANDERS TOTLAND)

18-åringen som mista livet natt til onsdag budde på Valen.

  • Anders Totland

Det var 18 år gamle Jens Emil Tøkje Jacobsen frå Valen som omkom i trafikkulukka på Opsangervegen natt til onsdag. Det skriv operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

ORDFØRAREN: – Dette er forferdeleg tragisk

Han opplyser at alle pårørande er varsla, og at dei har gjeve samtykke til at politiet offentleggjer namnet på den omkomne.

– Klokka 18 i kveld blir det ei samling i Valen kyrkje. Denne er open for alle som måtte ønskja å komma. Representantar for kommunal kriseleiing, politiet og prest vil vera til staden på denne samlinga, skriv Geitle.

Den andre ungdommen som var involvert i ulukka, blei sendt til Stavanger Universitetssykehus. 11.30 onsdag føremiddag opplyser Helse Stavanger at tilstanden til den unge mannen er kritisk men stabil.

LES OGSÅ: Vegen er opna igjen

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut