annonse

Frityrkokar tok fyr

TOK FYR
TOK FYR: Ein bebuar sløkte brann i ein frityrkokar på Bømlo. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Naudetatane rykte laurdag ut til Rubbestadneset på Bømlo.

Ingvild Siglen Berger

Både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til ein einebustad i Rubbestadneset.

– Det har vore brann i ein frityrkokar på ein adresse. Bebuaren fekk sløkt den sjølv, seier operasjonsleiar Jostein Reisestad i Sør-Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Brannvesenet måtte sjekka om det hadde vore spreiing til ventilasjonsanlegget, etter mistanke om dette.

Vakthavande i Bømlo brann og redning, Otto Martinsen, fortel at det ikkje var varmgang i ventilasjonen. Dei har returnert frå staden. 

– Det var roleg der når me kom fram, og ingen flammar opp i ventilasjonsanlegget, seier Martinsen.

Naudetatane fekk ettermelding om brannen klokka 14.23.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut