annonse

Front mot frontkollisjon på Vestlivegen

STYGG KRASJ:
STYGG KRASJ: Totalt var det sju personar i dei to bilane som kolliderte i Vestlivegen tysdag ettermiddag. Dei skal ha komme frå ulukka med lettare skader. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
ULUKKE
ULUKKE: Naudetatane ryddar på ulukkesstaden. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
FRONT MOT FRONT:
FRONT MOT FRONT: Sju personar kom frå ein front mot fronkollisjon med lettare skader. (Foto: MARIUS KNUTSEN / GOOGLE MAPS)
ULUKKE:
ULUKKE: Front mot frontkollisjon på Vestlivegen tysdag ettermiddag. (Foto: TIPSAR)

Fleire frakta til legevakten.

Marius Knutsen
  • Henrik Mundal Andreassen

Like før klokka 16.00 melde Sørvest politidistrikt på Twitter om ei ulukke i Vestlivegen på Stord.

– Det har vore ein front mot frontkollisjon på Vestlivegen. To bilar er involvert, seier operasjonsleiaren til Sunnhordland.

Ifølgje innsatsleiar på staden, Henning Vik er sju personar involvert i ulukka.

FRONT MOT FRONT:
FRONT MOT FRONT:: Sju personar kom frå ein front mot fronkollisjon med lettare skader. Foto: MARIUS KNUTSEN / GOOGLE MAPS

– To bilar har frontkollidert. Det var fem personar i den eine bilen, og to i den andre. Det ser ut som om den eine bilen har komme over i køyrefeltet til den andre, seier Vik til Sunnhordland.

Ingen av dei involverte skal ha livstrugande skader, men er køyrt til legevakten for ein sjekk.

Ifølgje politiet er det store køar på ulukkesstaden. Men då klokka var 16.25 var trafikken byrja å sleppa forbi ulukkesstaden.

Sunnhordland sin utsende på staden melder om glatte vegar på ulukkesstaden. Taubilar er allereie på plass for å rydda vegbanen.

ULUKKE
ULUKKE: Naudetatane ryddar på ulukkesstaden. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut